Rittmeister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rittmeister (ty. Rittmeister, da. ritmester, nl. ritmeester, pl. rotmistrz) er ei militær grad som blir brukt i kavaleriet. Den tilsvarar kapteins grad. Grada blir brukt i Noreg, og har tidlegare blitt brukt i fleire andre land (Tyskland til 1946, Polen til 1947, Danmark til 1951, Austerrike til 1978, til tider også i Russland). I Nederland blir grada brukt i panservåpenet, som står i tradisjonen etter kavaleriet. I Sverige blir tittelen ryttmästare brukt om kommandanten for ryttarkorpset i livgarden, uavhengig av vedkomande sin rang; dermed er det ikkje ei militær grad, men ein ærestittel eller namnet på stillinga.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]