Rivaldo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rivaldo
Personleg informasjon
Namn Rivaldo Vítor Borba Ferreira
Fødselsdato 19. april 1972
Fødestad Paulista, Pernambuco i Brasil
Høgd 187 cm
Kallenamn Rivaldo
Posisjon Midtbane
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1989-1991
1991-1992
1992-1994
1994-1996
1996-1997
1997-2002
2002-2004
2004
2004-2007
2007-2008
2008-2010
2011-
Brasil Paulista FC
Brasil Santa Cruz
Brasil Mogi Mirim
Brasil Palmeiras
Spania La Coruña
Spania FC Barcelona
Italia AC Milan
Brasil Cruzeiro
Hellas Olympiakos
Hellas AEK Athen
Flag of Uzbekistan.png FC Bunyodkor
Brasil Mogi Mirim
 ? (?)
0 (0)
30 (10)
104 (53)
46 (22)
235 (130)
35 (7)
2 (1)
87 (39)
31 (9)
53 (33)
0 (0)
Landslag
1992-1993
1993-2003
Brasil Brasil U20
Brasil Brasil
9 (1)
74 (34)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Rivaldo Vítor Borba Ferreira, mest kjend som Rivaldo (fødd 19. april 1972) er ein brasiliansk fotballspelar. Han har for tida kontrakt med brasilianske Mogi Mirim, men er på utlån til São Paulo FC.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Rivaldo hadde ein svært fattig oppvekst i delstaten Pernambuco i det vestlege Brasil. Han vart med i sin fyrste fotballklubb, Paulista i 1989. To år seinare fekk han spela for Santa Cruz eit år før han gjekk over til Mogi Mirim. Fram til 1996 spelte han for fleire klubbar i landet, men i 1996 debuterte han for internasjonal fotball då han vart kjøpt opp av spanske Deportivo de La Coruña. Rivaldo vart teken inn på det brasilianske U20-landslaget i 1992, og kom med på det verkelege landslaget året etter.

Rivaldo var med på den brasilianske fotballtroppen i Sommar-OL 1996 i Atlanta, då Brasil vann bronse. Diverre vart Rivaldo utestengd frå landslaget ei tid etter dette, truleg fordi han fekk skulda for at Brasil tapte semifinalen mot Nigeria. Han vart teken inn att på landslaget til Fotball-VM 1998, då han skåra tre mål.

Klubben Rivaldo har spelt flest kampar for er FC Barcelona, som han gjekk over til frå Deportivo de La Coruña. Han spelte 235 kampar for klubben frå 1997 - 2002, og skåra heile 130 mål. I 2002 skåra Rivaldo til saman fem mål for Brasil i Fotball-VM 2002, då Brasil vart verdsmeistrar.

Rivaldo har ikkje spelt for landslaget sidan 2003. Etter det har han spelt for klubbar i Italia, Brasil, Hellas og Usbekistan før han vendte tilbake til heimlandet i 2011 for å spela for Mogi Mirim att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]