Riwaka River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riwaka River
Utspring Samanløpet av nordre og søndre Riwaka41°2′54″S 172°55′27″E
Munning Ved Riwaka i Golden Bay41°3′53″S 173°0′8″E
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand, regionen Tasman
Lengd Ca. 20 km
Sideelvar Jordan River

Riwaka River ligg i regionen Nelson, nordvest på SørøyaNew Zealand[1][2]. Ho renn i 20 km før ho munnar ut i Tasman Bay, nær byen Riwaka, 10 km nord for Motueka.

Elvedalane til Riwaka aog den nærliggjande Takaka River dannar delar av fjellpasset der den einaste vegen mellom Tasman Bay og Golden Bay går.

Delar av elveløpet går under jorda gjennom gjennom sandsteinsgrotter, og kjem opp att i dagen ved The Riwaka Resurgence. Denne staden er populær både blant turoperatørar og dykkarar, fordi vatnet alletid er krystallklårt, og heller kjølig, til og med midtsommars[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Place Name Detail Riwaka River». New Zealand Geographic Placenames Database. 2008-10-31. http://www.linz.govt.nz/placenames/find-names/topographic-names-db/database/index.aspx?p=50238. Henta 2. januar 2013. 
  2. Basher, L.R.. «The Motueka and Riwaka Catchments». Land Research New Zealand. http://icm.landcareresearch.co.nz/knowledgebase/publications/public/ICM_TechReport.pdf. Henta 2. januar 2013. 
  3. «The Riwaka Resurgence». Motueka Online. http://www.motuekaonline.org.nz/attractions/walks/riwaka-resurgence.html. Henta 2 januar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°3′53″S 173°00′8″E