Riyadh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 24°42′42″N 46°43′27″E

1الرياض (ar-Riyāḍ)
Horisonten til Riyadh
Byvåpenet til Riyadh
Byvåpenet til Riyadh
Styresmakter
Land
Provins
Saudi-Arabia
Riyadh
Geografi
Flatevidd 1 200 km²
Koordinatar 24°38′″N 46°43′″EKoordinatar: 24°38′″N 46°43′″E
Tidssone EAT (UTC+3)
Diverse anna
Nettstad: www.arriyadh.com

Riyadh (الرياض, ar-Riyāḍ) er hovudstaden i kongedømet Saudi-Arabia, og ligg i Nedsjd-regionen. Byen ligg sentralt på den arabiske halvøya på eit stort platå. Innbyggartalet er på nesten 3,5 millionar. (14 % av folketalet i landet).

Byen ligg i den utvikla 'midtkorridoren' i Saudi-Arabia saman med Buraydah og Al Kharj i den administrative regionen Ar Riyad. Dei andre områda med konsentrert folkesetnad er to kystområde – rundt Jiddah og Mekka ved Raudehavet, og rundt Jubail og Dhahran ved Persiabukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I førislamsk tid var busetjinga på staden kalla Hajar. Staden var der fleire elver (i dag tørrlagde elvedalar) flaut saman, og med grei tilgang til underjordiske vassjikt. Hajar var kjent for dadlane og frukthagane sine. Namnet «Hajah» kjem av fleirtalsforma av rowdhah ('hageområdet'). Det moderne namnet gjaldt opphavleg ein mindre del av busettinga.

Bygningar i Riyad i 1964.

Mot slutten av 1700-talet var Riyadh del av den første saudiske staten, som hadde hovudstad i Diriyah. Etter at dei ottomanarane øydela Diriyah i 1818 vart hovudstaden flytta til Riyadh. Berre mindre delar av Diriyah eksisterer i dag.

Byen vart erobra i 1902 av Abdul Aziz bin Abdul Rahman Al Saud. Han kunne i 1932 grunnlegge det moderne kongedømet Saudi Arabia, med Riyadh som hovudstad. Men den diplomatiske hovudstaden var fram til 1982 Jeddah ved Raudehavet.

Dei viktigaste bydelane er Olaya, Dabab, og Batha.

Utsyn over Riyadh i 2006.

Utvikling av folketalet i byen[endre | endre wikiteksten]

  • 1862 - 7 500
  • 1935 - 30 000
  • 1960 - 150 000
  • 1970 - 370 000
  • 1972 - 500 000
  • 1974 - 650 000
  • 1988 - 1 500 000
  • 1990 - 2 000 000
  • 1997 - 2 800 000
  • 2008 - 6 590 000
  • 2020 - 8 900 000 (framskrive)

Mellom 1974 og 1992 voks byen kvart år med ein snitt på 8,2 %.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Riyadh
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.