Roadhouse Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roadhouse Blues
Singel av The Doors
frå albumet Morrison Hotel
A-side

«You Make Me Real»

Utgjeve Februar 1970
Innspelt 4.-5. november 1969
Sjanger Bluesrock[1]
Lengd 4:04
Selskap Elektra
Komponist Jim Morrison, The Doors
Tekstforfattar The Doors
Låtskrivar(ar) Jim Morrison
Robby Krieger
Ray Manzarek
John Densmore
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi 
«Runnin' Blue»
(1969)
Roadhouse Blues «Love Her Madly»
(1971)


«Roadhouse Blues» er ein bluesrocksong skriven og innspelt av det amerikanske rockebandet The Doors. Songen vart gjeven ut som B-side til «You Make Me Real»",[2], den første singelen frå albumet Morrison Hotel i mars 1970 og nådde 50. plass på Billboard Hot 100 i USA.[3] Songen vart raskt ein populær song på konsertane deira og ein konsertversjon finst på albumet An American Prayer. Same versjonen, som har vorte kalla «truleg ein av dei beste konsertopptaka av nokon song»,[4] vart igjen gjeven utpå In Concert og Greatest Hits. I denne versjonen snakkar Jim Morrison ei kort stund til eit kvinneleg medlem av publikum om stjerneteiknet sitt, før han brått og ironisk får publikum til å le då han seier at syns stjerneteikn berre er tull. Songen vart synt to gonger i filmen The Doors. Linja «Woke up this morning and I got myself a beer» var inspirert av Alice Cooper som han seier i morgonshowet Planet Rock.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Det tok to dagar å spele inn songen, 4. og 5. november 1969, der produsent Paul A. Rothchild strevde for å få det perfekt. Fleire opptak frå desse innspelingane finst som bonusspor på 2006-utgåva av albumet. Ein kan høyre Rothchild instruere bandet, mellom anna når han seier til Robbie Krieger om gitarriffet hans i starten, «we're going to the roadhouse, Robbie, not the bathroom!» («me skal til the roadhouse, Robbie, ikkje badet!»). Overraskande nok kommenterer han ikkje Morrison, som tilsynelatande er full.[5]

Innspelinga tok først av den andre dagen, då Elektra-gitarist Lonnie Mack vart med på bass og munnspelar John Sebastian (som spelte med psevdonymet G. Puglese på grunn av platekontrakten sin[6] eller for å unngå og verte knytt til The Doors etter hendinga i Miami) vart med på innspelinga og Manzarek byta frå Wurlitzer elektrisk piano til eit spikerpiano (same som The Beach Boys nytta på «Good Vibrations»).[7] Eit av dei klassiske augneblikka er då Morrison roper «Do it, Lonnie! Do it!» då Mack spelar soloen (ofte mistolka som «Do it, Robby! Do it!», som om Morrison snakka til Robby Krieger).

Lonnie Mack spelte bass på songen og måtte låne gitaren til Krieger for å utvikle nokre bleusgitarlinjer. Mack spelte òg sologitar på songen, men vart berre tilskriven for bass for å ikkje gjere Krieger brydd. Krieger kopierte somme av linjene til Mack i seinare opptak. Ingen veit kven som verkeleg spelar på den endelege utgåva.[8][9]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Status Quo spelte The Doors-songen då dei turnerte i Tyskland i 1970, og vart raskt ein fast del av konsertane til bandet, som dei tilpassa den musikalske retninga si. Studioversjonen deira finst på Piledriver, medan eit konsertopptak finst på Live!. Bandet spelar framleis songen i dag.

Blue Öyster Cult spelte songen på deira Extraterrestrial Live i lag med Robbie Krieger. Creed spelte songen på Woodstock '99 og fekk med seg gitarist Robbie Krieger på scenen. Denne versjonen finst som bonusspor på Creed-albumet Human Clay. Songen vart òg spela av Mahogany RushWhat's Next. Ministry spelte songen på det siste albumet sitt, The Last Sucker. Jeff Healey Band spelar songen i filmen Road House. Frankie Goes To Hollywood spela songen på B-sida til singelen «Rage Hard» frå 1986. Elkie Brooks spela songen på albumet hennar Electric Lady frå 2005. Robby Krieger vart med Stone Temple Pilots på House of Blues i 2000 på denne songen. Han vart igjen med bandet på scenen den 18. mars 2010 på SXSW-festivalen. STP-frontmann Scott Weiland har òg spela songen med Velvet Revolver.

Songen vart framført av Eric Burdon på konsertar frå 1989 til 1998. Han spelta han òg med Robby Krieger i 1990 og 1991. Bon Jovi spela songen i ein medley med «Bad Medicine», mellom anna på 2010-turneen deira.

The Crystal Method gjorde ein remiks av «Roadhouse Blues» som finst på albuma Community Service II og Drive: Nike + Original Run.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Luhrssen, David; Larson, Michael (2017). Encyclopedia of Classic Rock. ABC-CLIO. s. 97. ISBN 9781440835148. 
  2. The Doors Discography Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.. 60s Web Radio.
  3. «Billboard Singles». allmusic.com. Henta 20. mars 2011. 
  4. The Doors. Jack Feeny Reviews.
  5. The Doors, Morrison Hotel Remastered Liner Notes, Page 1, Bruce Botnick, 2006
  6. The Doors, Morrison Hotel Remastered Liner Notes, s. 7, David Frickle, 2006
  7. The Doors, Morrison Hotel Remastered Liner Notes, s. 3, Bruce Botnick, 2006
  8. http://www.answers.com/topic/lonnie-mack
  9. Fresh Air from WHYY, 31. juli 2008 http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=93120157