Roanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roanne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Rhône-Alpes
Loire
Geografi
Flatevidd
 - By

16,12 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

38 896
  2 413/km²
Koordinatar 46°02′″N 04°04′″EKoordinatar: 46°02′″N 04°04′″E
Høgd over havet 279 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 42300
Heimeside: www.mairie-roanne.fr

Roanne er ein by og kommune aust i sentrale delar av Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loire i regionen Rhône-Alpes, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 90 km nordvest for Lyon ved elva Loire.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Roanne er kjend for gastronomi, tekstilar, jordbruk og for produksjon av stridsvogner.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet har keltisk opphav, Rod-Onna («rennande vatn»), som vart Rodumna, så Rouhanne og Roanne. Byen låg ved eit strategisk punkt ved Loire, nedanfor dei smale gjela ho renn gjennom. På 1100-talet kom byen inn under comte du Forez og byen byrja å utvikle seg. Ein veg over land førte til Lyon og elva Rhône, og Roanne vart så ein omlastingsstad mellom Paris og Middelhavet i tida då vassvegane var viktige transportårer. Halvparten av innbyggjarane i byen var avhengige av denne elvetransporten på 1600- og 1700-talet.

Roanne vart ein av dei første byane som fekk jernbane, og han opna 15. mars 1833. Vidare vart kanalen mellom Roanne og Digoin opna i 1838, og byen vart ein av dei leiande byane i den franske industrielle revolusjonen.

I 1917 vart det oppretta eit arsenal i Roanne, og frå 1940 vart ny industri utvikla, som produserte rayon (kunstfiber) og andre nye fibrar. Då industriverksemda vart fasa ut på 1970-talet sleit byen med å finne ny industri og trekke til seg turisme.