Robbie Robertson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robbie Robertson
The Band - 2005710007.jpg
Robertson i 1971.
Foto: Heinrich Klaffs.
Verkeleg namn Jaime Robert Klegerman
Fødd 5. juli 1943, Toronto i Ontario i Canada
Instrument Gitar, piano, munnspel, autoharpe, vokal
Sjanger Rock, folkrock
Aktive år 1958 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent, skodespelar
Tilknytte artistar The Band, Ronnie Hawkins & The Hawks, Bob Dylan, John Hammond Jr.
Plateselskap Capitol, Geffen

Jaime Robert «Robbie» Robertson, fødd Jaime Robert Klegerman (fødd 5. juli 1943), OC, er ein kanadisk musikar og gitarist. Han er mest kjend som gitarist og den viktigaste låtskrivaren i The Band.[1] Han vart rangert på 78. plass på Rolling Stone si liste over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[2] The Band er innlemma i både Rock and Roll Hall of Fame og Canadian Music Hall of Fame. Som låtskrivar har Robertson stått for klassikarar som «The Weight», «The Night They Drove Old Dixie Down», «Up On Cripple Creek», «Broken Arrow» og «Somewhere Down the Crazy River», blant mange andre.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far til Robertson er jødisk og mor hans er mohawkindianar. Han byrja å spele gitar i seksårsalderen og byrja sidan å skrive låtar.

Gjennombrotet kom etter kontakt med songaren Ronnie Hawkins og frå 1961 til 1963 spelte han i bandet hans the Hawks (først som bassist og seinare gitarist) og turnerte i både USA og Canada. The Hawks braut med Ronnie Hawkins og turnerte på eiga hand i nokre år. Robertson utvikla ein blendande teknikk og var ein gitarhelt i New York-området før det i det heile fanst gitarheltar. Etter at Bob Dylan først hadde nytta Robertson som studiomusikar, vart heile The Hawks bandet til Dylan. I samband med motorsykkelulukka til Dylan fekk gruppa ein eigen platekontrakt og vart lansert under det nye namnet The Band.

Robertson, som tidleg hadde byrja å skrive låtar, vart snart den fremste låtskrivaren til The Band. Nesten alle dei kjende låtane til The Band er skriven av han. Dette førte til konflikt mellom Robertson og trommeslagaren Levon Helm, som meinte at mange av låtane vart arbeidd fram som eit samarbeid mellom alle medlemmane i studio. Det var Robertson som tok initiativet til oppløysinga av The Band i 1976, og då gruppa vart gjenforeint i 1980-åra ville han ikkje vere med.

I 1987 debuterte han som soloartist med albumet Robert Robertson. I 1994 gjekk Robertson attende til røtene sine med gruppa The Red Road Ensemble og Music for the Native Americans. I 1998 kom albumet Contact from the Underworld of Redboy. I 2000 spelte han i lag med Levon Helm på Ronnie Hawkins-songen «Blue Moon in My Sign» på albumet Can't Stop Rockin' - men Helm og Robertson var aldri i studio samstundes.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album med The Band[endre | endre wikiteksten]

Albums med Bob Dylan and The Band[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Robertson er tilskriven i følgjande filmar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ankeny, Jason. «The Band: Robbie Robertson». The Band. http://theband.hiof.no/band_members/robbie.html. Henta 23. januar 2011. 
  2. «The 100 Greatest Guitarists of All time». Rolling Stone. 24. mars 2004. Arkivert frå originalen den 10. februar 2007. http://web.archive.org/web/20070210041820/http://www.rollingstone.com/news/story/5937559/the_100_greatest_guitarists_of_all_time. Henta 23. januar 2011. 
  3. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th ed.). Edinburgh: Mojo Books. s. 816. ISBN 1-84195-017-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]