Robert Bylot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Robert Bylot var ein britisk oppdagar som levde på byrjinga av det 1600-talet. I perioden 1610-16 var han med på fire sjøferder til Arktis. Han var av lågare stand, men makta å avansere til skipskaptein i den kongelege britiske marinen.

Sjøferdene[endre | endre wikiteksten]

Bylot var fyrstestyrmann på Henry Hudson sitt skip Discovery på Hudsons 1610-11-ekspedisjon til det som i dag er kjent som Hudsonbukta. Våren 1611 ynskte Hudson å halde fram med ekspedisjonen, medan mannskapet ville returnere heim. Usemje mellom kapteinen (Hudson) og medlemer av mannskapet enda med at Bylot vart fråteken sin rang. Sidan kom det til mytteri og Hudson, sonen hans og fleire sjømenn vart sett om bord i ein open båt. Ved hjelp av sine evner som navigatør makta Bylot å føre skipet trygt heim frå Arktis. Etter heimkoma til England vart Bylot rettsforfylgd for mytteri, men frikjend.

Bylot returnerte til Hudsonbukta i 1612 med Sir Thomas Button. Ekspedisjonen overvintra ved munningen av Nelsonelva, og våren 1613 heldt dei fram mot nord. Skipa kom så langt nord som 65° nordleg breidd, før dei la kursen heim til England.

I 1615 vart Bylot hyra av Muscovy Company til å finne Nordvestpassasjen som kaptein på Discovery. Under denne sjøreisa prova Bylot at Hudsonsundet ikkje kunne vere skipsrute til Asia.

Muscovy Company hyra Bylot også året etter, for å halde fram søket etter Nordvestpassasjen. På denne turen hadde han assistanse frå losen William Baffin. Bylot-Baffin-sjøferda kartla det som i dag heiter Baffinbukta. Sjøferda oppdaga elles både Smithsundet og Lancastersundet. Gjennom det siste skulle ein tre hundreår seinare finne Nordvestpassasjen. Bylot nådde heilt nord til 77° 45' nord, så langt nord skulle ingen europear nå før 236 år seinare.

Kartografane i England festa ikkje tru til Bylot og Baffins verk i Baffinbukta. Så seint som i 1812 viste kart over området berre til stiplalinjer; med kommentaren Baffinbukta etter W. Baffin i 1616, i dag ikkje tiltrudd. Då John Ross kom til området i 1821, viste karta etter Bylot-Baffinsjøferda seg å vere mykje nøyaktige.

Den britske offentlegheita gav all æra for oppdaginga til Baffin, Bylot vart rett og slett oversett. Historikaren Farley Mowat har opna for to forklaringar til dette. Ein grunn kan vere at Bylot kom frå eit lågare lag i det standsorienterte engelske samfunnet enn Baffin, andre grunnen kan vere hans medverknad i mytteriet under Hudsonekspedisjonen.

Bylotøya i kanadisk Arktis er oppkalla etter han.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!