Robert Campin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Madonna, før 1430
Kristus på krossen, ca 1425

Robert Campin (ca 137526. april 1444) var ein flamsk målar knytt til renessansen, død i Tournai. Han vert ofte rekna som den fyrste store meisteren innan flamsk og tidleg nederlandsk målarkunst.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Campin synest å ha busett seg i Tournai kring om 1405–6, som meister i målarlauget. I 1410 kjøpte han seg borgarskap i byen. Med tida vart han leiar av lauget og fekk fleire offentlege embete, samstundes dreiv han ein stor verkstad.

Campins verk, som til å byrje med har sterke drag av det franske bokmåleriet, vitnar gjennom den eksakte avbildinga av kvar minste detalj om kor flink han var å observere. Rogier van der Weyden var den fremste eleven til Campin, ein målar som i sin tur virka inspirerande på Campin sjølv og bileta hans.

Før 1432 mista Campin dei offentlege posisjonane sine, truleg grunna rolla si i politisk uro i byen. I 1429 vart han straffa for å ha halde tilbake prov og dømd til å reise på pilgrimsferd. Tre år seinare vart han dømd for utruskap og utestengd i eitt år. Hertuginna av Bayern, kona til hertugen av Holland, kom han til hjelp og dommen vart omgjort til ei bot. Triptykonen i Werl frå 1438 viser at han heldt fram å arbeide som målar.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Trass i at han stod i arv til dei samtidige meistrane av bok-illuminatorane, synte Campin større evner til realistisk observasjon enn nokon annan tidlegare målar. Han var ein av dei fyrste målarane som prøvde å nytte oljebaserte fargar i staden for eggblanda målingsfargar, for å oppnå det fargeskinet som er typiske for perioden. Campin brukte den nye teknikken til å forme kraftige og avrunda figurar gjennom å avpasse lys og skugge i måleri med samansette perspektiv.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Gravleggings-triptyken vert vanlegvis rekna for å vere det eldste arbeidet til Campin, datert til om lag 1415-20.[1] Midtpanelet syner slektskapen med den samtidige skulpturforma. Kringom 1420-25 måla han Jomfru Marias ekteskap og Fødselen.

Altartavla i Mérode

Rundt 1425-28 måla Campin altartavla i Mérode, eit triptykon bestilt av ein privatmann. Bodskapen om Jesu fødsel dekker midtpartiet på tavla. Ein ser erkeengelen Gabriel nærmar seg Maria møy, som sit og les. Ho vert skildra som om ho er i ein velhalden heim i Flandern.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]