Robert Coleman Richardson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Coleman Richardson
Robert Coleman Richardson.jpg
Fødd 26. juni 1937 (77 år)
Washington, DC i USA
Bustad USA
Nasjonalitet Amerikansk
Institusjonar Cornell University
Alma mater Virginia Tech
Duke University
Doktorgradsrettleiar Horst Meyer
Kjend for Oppdaginga av superfluidet i helium-3
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1996)

Robert C. Richardson (fødd 26. juni 1937) er ein amerikansk doktor i fysikk ved Duke University, frå 1966.

Richardson mottok Nobelprisen i fysikk i 1996. Grunngjevinga til Kungliga Vetenskapsakademien for Nobelprisen var oppdaginga av superfluid i helium-3. Han delte prisen med landsmennene Douglas D. Osheroff og David M. Lee.

På byrjinga av 1970-talet arbeidde Lee, Osheroff og Richardson i lågtemperaturlaboratoriet ved Cornell University. Her oppdaga dei at heliumisotopen helium-3 kan bli superfluid ved ein temperatur som berre ligg rundt to tusendelar av ein grad over det absolutte nullpunktet. Dette superfluide kvantehydrogenet skil seg frå den som vart oppdaga og studert på 1930-talet, og som hadde rundt tusen gonger høgare temperatur enn den normale heliumisotopen helium-4. Den nye forma av helium-3 har særs spesielle eigenskapar som ikkje kan forklarast med klassisk fysikk, men krev kvantefysikkalske forklaringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]