Robert Eriksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Eriksson
Foto: Bård Gudim/FrPMedia

Robert Eriksson (fødd 23. april 1974 i Levanger) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet og arbeidsminister i regjeringa Solberg. Han vart valt inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke i 2005, og var vararepresentant i periodane 1997–2005.

Eriksson har ufullførte studiar i økonomi frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, og arbeidde frå 1996 i og for partiet som organisasjonssekretær i FpU (1996–1997), valkampleiar for Framstegspartiet i 1997, og som politisk rådgivar for stortingsgruppa til partiet frå 1997 til 2001, med ansvar for Næringskomiteen og Olje-, energi- og miljøkomiteen. Han arbeidde som dagleg leiar ved TrygVestas salssenter på Levanger frå 2001 til 2005.

Eriksson var fylkesleiar i Framstegspartiet sin Ungdom (FpU) frå 1991 til 1994, leiar i Verdal FrP frå 1992 til 1993, nestleiar i FpU frå 1998 til 2000, og leiar i Nord-Trøndelag FrP frå 2002. Han er leiar i Verdal fotball sidan 2002.

Han var medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag frå 1995 til 2005, og sat i fylkesutvalet frå 1999 til 2003. Han sat også i kommunestyret i Verdal frå 1991 til 2005, frå 1991 til 1997 også i formannskapet.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]