Robert Grubbs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Grubbs

Robert Howard Grubbs (fødd 27. februar 1942) er ein amerikansk kjemikar og nobelprisvinnar.

Han er fødd i Calvert City nær Possum Trot i Kentucky og studerte kjemi ved Florida-universitetet i Gainesville. Doktorgraden tok han ved Columbia-universitetet i New York under Ronald Breslow i 1968.

Grubbs har særleg konsentrert seg om katalysatorar for olefinmetatese og metatesepolymerisasjon av ringolefin som norbornen.

Han blei tildelt Nobelprisen i kjemi for 2005 saman med Richard Schrock og Yves Chauvin for arbeidet sitt med olefinmetatese.