Robert Kotsjarjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Kotsjarjan

Robert Sedraki Kotsjarjan (armensk Ռոբերտ Սեդրակի Քոչարյան) (fødd 31. august 1954 i Stepanakert i Nagorno-Karabakh) er ein armensk politikar, og var president i Armenia frå 4. februar 1998 til 9. april 2008.

Kotsjarjan var ein av leiarane for rørsla i Nagorno-Karabakh som gjekk inn for lausriving frå Aserbajdsjan. Då Nagorno-Karabakh erklærte sjølvstende i 1992 vart Kotsjarjan den første presidenten i utbrytarrepublikken, som har ei nær tilknytning til Armenia.

I 1997 forlet han denne posten då han vart statsminister i Armenia. I 1998 vart han vald til president, etter at forgjengaren vart pressa til å gå av. I 2003 vart Kotsjarjan gjenvald som president. Ved begge presidentvala har det kome skuldingar om uregelmessigheiter.

Etter grunnlova hadde ikkje Kotsjarjan høve til å stilla til val til ein tredje periode. Ved presidentvalet 19. februar 2008 støtta han kandidaturet til statsministeren sin, Serzj Sargsian, som vann valet.

Han er gift og har tre born.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.