Robert Oppenheimer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Oppenheimer

Dr. Julius Robert Oppenheimer (fødd 22. april 1904 i New York, død 18. februar 1967 i Princeton) var ein amerikansk fysikar av tysk-jødisk opphav.

Han vart fødd i ein jødisk familie. Faren, ein rik tekstilimportør, hadde immigrert frå Tyskland i 1888. Robert Oppenheimer studerte fysikk, klassisk filologi, orientalistikk og kjemi ved Harvard, Cambridge og Göttingen. Han tok doktorgraden ved Göttingen, og arbeidde her med Niels Bohr og Edward Teller. I 1929 vart han professor ved Berkeley University i California.

Frå 1943 til 1945 leia han Manhattanprosjektet i New Mexico, som hadde som mål å utvikle atombomba. Han blir gjerne kalla «far til atombomba». Etter å ha sett kva for redslar bomba skapte i Hiroshima og Nagasaki vart han likevel ein overtydd motstandar av bruk av atomvåpen, og nekta å delta i utviklinga av hydrogenbomba. Han engasjerte seg i internasjonal lobbyverksemd for nedrusting og for internasjonal kontroll av alle atomvåpen. På 1950-talet vart han skulda for anti-amerikansk verksemd og påståtte tidlegare kommunistsympatiar, og vart fråteke tryggleiksklareringa si. Sjølv om han hadde mista all innverknad i USA, fortsette han å undervise, skrive og arbeide med fysisk forsking. Han vart først rehabilitert i 1963 av president Lyndon B. Johnson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Robert Oppenheimer