Robert Zünd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Zünd
Statsborgarskap Sveits
Fødd 3. mai 1827
Luzern
Død

15. januar 1909 (81 år)
Luzern

Yrke kunstmålar, teiknar, landskapsmålar
Språk sveitsisk standardtysk
Robert Zünd på Commons
Skurdonna, 1860
På veg mot Emmaus, 1877
Eikeskogen, 1882

Robert Zünd (3. mai 182615. januar 1909) var ein av dei fremste kunstmålarane i Sveits i det 19. hundreåret. Stilistisk høyrer verka hans inn under klassisismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Zünd vart fødd inn i ei middelklassefamilie i Luzern. Etter å ha gått mellomskulen i Luzern, vart han undervist i teikning og måling i atelieret til James Schwegler. På råd frå målaren Joseph Nidwaldner flytta han i 1848 til Genève. Der gjekk han først i lære hos François Diday, sidan med Alexandre Calame.

Våren 1851 møtte han Rudolf Koller, som vart hans nære venn. Året etter reiste Zünd til Paris. I kunstmuseet Louvre studerte han arbeida til nederlandske og franske 1600-talsmeistrar. Zünds første store verk er Skurdonn («Ernte») frå 1860. Same året var han i kunstgalleriet i Dresden der han kopierte verk av Claude Lorrain, Jacob van Ruisdael og Paulus Potter.

I 1863 busette Zünd seg i utkanten av Luzern. Sidan forlet han staden berre sjeldan og knappast for noko lengre tid. Mellom 1867 og 1877 viser Zünd si kristne tru seg i bibelske motiv i bileta hans, til dømes i På veg mot Emmaus frå 1877.

År 1882 fullførte han Eikeskogen («Der Eichenwald»), eit av dei mest kjende verka hans. Biletet baserte han på ein eldre studie og ein mindre versjon som han måla i 1859. Den sveitsiske diktaren og politikaren Gottfried Keller var overvelda av måleriet då han vitja Zünds enkle atelier, og uttala at biletet nærast viste det ideelle landskap. Eikeskogen vart utstilt i 1883 på nasjonalutstillinga i Zürich.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Zünd sin kunst er kjenneteikna av ein særleg nærleik til naturen og hans høgst naturalistiske, rikt utsmykka måleristil. Han var særleg oppteken av idylliske landskap rundt Luzern. I bileta sine heldt han seg unna å skildre moderne gjenstandar, som bygningar og jarnbaner. Landskapsbileta hans er i hovudsak arrangert i høve klassisismen sin komposisjonsteori.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]