Robin Hood's Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Robin Hood's Bay

Robin Hood Bay.jpg
Plassering
Robin Hood's Bay is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap North Yorkshire
Distrikt Scarbourough
Geografi
Koordinatar 54°26′4″N 0°32′4″WKoordinatar: 54°26′4″N 0°32′4″W
Diverse annan informasjon
Postnummer YO22
Telefon-retningsnummer 01947
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Robin Hood's Bay

Robin Hood's Bay er ein idyllisk liten fiskarlandsby like sør for Whitby på kysten av North Yorkshire i England. Opphavet til namnet er usikkert, men enkelte meiner at Robin Hood skal ha hatt båtane sine her.

Staden er siste stopp på den populære engelske fotturen «Coast to Coast path», som går tvers igjennom landet frå St. Bees ved Irskesjøen til Robin Hood's Bay, ei strekning på om lag 300 km. Kystvaktstasjonen i landsbyen er bevaringsverdig og er eigd av National Trust.

Robin Hood's Bay

I 1536 vart det notert at landsbyen hadde 20 fiskebåtar og omkring 50 hus. Fiske var viktig for staden fram til slutten av 1800-talet. Staden var tidlegare òg kjent for smugling. Sidan husa ligg særs nær kvarande, kunne smuglargodset rekkast frå eit vindauge til det neste dersom det vart razzia ein stad. Viktigaste næringsveg er no turisme.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]