Robinho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robinho
Robinho061115-2.jpg
Personleg informasjon
Namn Robson de Souza
Fødselsdato 25. januar 1984
Fødestad São Vicente i Brasil
Høgd 175 cm
Kallenamn Robinho
Posisjon Ving, angrep
Klubbinformasjon
Spelar for AC Milan
Draktnummer 70
Ungdomsklubb
2002-2005 Brasil Santos
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2005-2008
2008-2010
2010-
Spania Real Madrid
Storbritannia Manchester City
Italia AC Milan
101 (25)
41 (14)
4 (0)
Landslag**
2003- Brasil Brasil 82 (25)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 17. november 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 17. november 2010.

Robson de Souza (fødd 25. januar 1984) er ein brasiliansk fotballspelar frå São Vicente. Han vert rekna for å vera eit av dei største fotballtalenta i verda. For tida spelar han for landslaget til Brasil, og for italienske AC Milan.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Robinho starta å spela for den brasilianske klubben Santos FC i 2002. Han heldt fram med å spela for Santos til 2005, då han signerte femårskontrakt med den spanske klubben Real Madrid. Etter kvart ytra Robinho eit ynskje om å forlata klubben.

I september 2008 vart han seld til britiske Manchester City for 42 millionar euro. Frå januar 2010 fekk Santos låna Robinho i seks månader, før han vart seld til AC Milan den 31. august 2010.

Robinho har spelt på det brasilianske landslaget sidan 2003. Som landslagsspelar har han delteke i fotball-VM 2006 i Tyskland, Copa America i 2007 og fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Under fotball-VM 2010 spelte han i kvar kamp Brasil fekk i konkurransen.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Robinho er gift med Vivian Guglielmetti. Dei har ein son i lag, som heiter Robson jr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Robinho.