Robot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robotormar.

Robot (frå tsjekkisk robota, 'arbeid') er ei mekanisk eining som kan programmerast til å utføre oppgåver. Vidare kan robotar ofte ta imot inntrykk frå omgjevnadene som gjer at dei iverkset eller stopper handlingar i høve til fastlagde reglar. Medan omgrepet «robot» oppstod innan science fiction, er bruk og utvikling av robotar vanleg i dag, til dømes innan industri og som leiketøy.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tre robotar i skodespelet til Čapek.

Ordet «robot» blei brukt første gong i den moderne forma si av forfattaren Karel Čapek i 1920 i teaterstykket R.U.R : Rossum's. Universal Robots. Det blei føreslått av broren Josef Čapek, og har utspringet sitt i det tsjekkiske ordet robota, som betyr '[hardt] arbeid', og robotnik, 'træl'. Det har funnest robotar etter den moderne tydinga av ordet i fleire hundre år. Tidlege robotaktige maskinar blir gjerne kalla automatar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I industrien i dag blir robotar brukte i utstrekt grad til å forenkle prosessar som er keisame og/eller farlege for menneske, dersom kostnader kan reduserast og/eller kvalitet kan aukast. Utviklinga innan kunstig intelligens gjer at robotar kan verke meir og meir menneskelege med omsyn til oppførsle, men det er her viktig å hugse at dette er fordi desse robotane etterliknar element av menneskeleg oppførsel og ikkje dei prosessane som ligg bak denne oppførsla. Dei seinaste robotprogramma er blitt svært straumlinjeforma. Vi har fått plenklipparar og støvsugarar som ryggjer for hindringar, snur og går i ei ny retning og går til energipåfylling ved behov - og faktisk kjem over heile arealet innan rimeleg tid. Leiketøysindustrien sin nye mjuke «kjeledyr» som krev kos, klapp og stell er ein annan tillemping. Til no har ein vore forsiktig med å lage helt menneskeliknande robotar.

Robotar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

I teorien kan robotar få eige medvit og vilje. Dette opner for mange problemstillingar som er mykje behandla i science fiction.

Forfattaren Isaac Asimov definerte i 1942 robotikken sine tre reglar:

  1. Ein robot tillet seg ikkje å skade eit menneske eller passivt la eit menneske kome til skade.
  2. Ein robot må følgje ordre gjeve av menneske bortsett frå når slike ordre kjem i konflikt med første lov.
  3. Ein robot må verne om sin eigen eksistens så lenge slikt vern ikkje kjem i konflikt med første og andre lov.

Desse reglane blei seinare brukte i boka «I, Robot»( novellesamling )frå 1950 og dannar grunnlaget for mykje av dei moderne robot-historiene innanfor science fiction.

I science fiction har ein fleire undergrupper robotar. Androidar blir mest brukt om menneskeliknande robotar, mens cyborg er ein kombinasjon mellom eit menneske og ein mekanisk robot. I norsk litteratur og tv-film kjenner vi òg til Biomaten frå Jon Bing og Tor Åge Bringsværd's. Blindpassasjer frå 1978. Biomaten er ein rein organisk men programmerbar robot.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Robot

Kjelder[endre | endre wikiteksten]