Rochester i Kent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rochester

Rochesterkatedralen frå Castle Gardens
Rochesterkatedralen frå Castle Gardens
Plassering
Rochester i Kent is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Kent
Distrikt Medway
Grunnlagd 43 evt.
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

27 000
Koordinatar 51°23′″N 0°30′″EKoordinatar: 51°23′″N 0°30′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer ME1, ME2
Telefon-retningsnummer 0 1634
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rochester i Kent

Rochester (Rochester-upon-Medway) er ein liten by i Kent i England. Han ligg ved elva Medway, omkring 50 km frå London.

Rochester mista status som city, og fekk dermed den lågare statusen town under ei omorganisering av lokaladministrasjonen i 1998. Dette vart ikkje oppdaga av styresmaktene før i 2002, og ein venter på at dronning Elisabeth II igjen skal gi han den høgare rangen. Byen har ei lang historie som seier at den skal ha dette; 903 fekk Rochester rett til å prege mynt, eit teikn på høy status, og den første borgarmeisteren vart valt alt i 1461. Fordi han mista statusen sin ved eit uhell vert han framleis omtalt konsekvent som city av innbyggjarane.

Byen utgjer saman med Chatham og Gillingham eit samanhengande urbant område kjent som Medwaybyane, med eit folketal på omkring 250 000. Område på den andre sidan av Medway har lenge vore administrert frå Rochester. Sidan 1998 har dette området vore ei sameint styresmakt.

Det ligg fleire historiske bygg i byen, med Rochester slott og Rochesterkatedralen som dei viktigaste. I sentrum er det fleire bygg frå mellom 1300- og 1700-talet.

Charles Dickens, som budde i nærleiken, var svært glad i byen, og dette vert markert med ein årleg Dickensfestival i juni. På 1980-talet vart det opna eit museum vigd Dickens. Dette vart stengt i 2004, og framtida til det er uviss.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det eldste sporet av busetnader i området er frå yngre steinalder. Sjølve byen vart først grunnlag av romarane i år 43, då dei bygde eit fort og ei bru der. Byen, som fekk namnet Durobrivae, har ei strategisk plassering nær staden der Medway renn inn i Themsen, og staden der Watling Street kryssar Medway. Fleire av gatene i byen følgjer det romerske vegnettet. Frå 190 vart det bygd jordvollar, og frå 225 vart desse erstatta av festningsverk i stein, som det framleis finst rester av.

Frå 410, då romarane gav opp provinsen Britannia var byen under keltarane og jydane sin kontroll, og etter kvart under angelsaksisk styre. Ifølge segna vart Kent gjeve til Hengest av den britiske leiaren Vortigern; dette skal ha skjedd omkring midten av 400-talet.

I 604 sendte erkebiskop Augustin av Canterbury biskop Justus for å grunnlegge Rochesterkatedralen. Rochester vart det andre bispedømmet som vart grunnlagt etter Canterbury.

Kong Alfred den store grunnla i 877 eit skipsverft i Rochester. Skipa skulle nyttast til å kjempe mot danane, som hadde plyndra byen i 842. Dette er kanskje starten på skipsbyggingsperioden som varte heilt fram til etter andre verdskrigen, men det er òg mogeleg at det var eit brot i aktiviteten etter normannarane erobra av England. Verksemda her var sentral i oppbygginga av den britiske flåten.

Bygginga av ein ny og større katedral starta i 1080, under biskop Gundulf. Han stod òg bak bygginga av det normanniske slottet, som byrja i 1087. Katedralen stod ferdig i 1130.

I 1215 vart byen omleira av kong Johan utan land, og den overgav seg 30. november. Han vart igjen angripen i 1264, av Simon de Montfort.

11. juni 1667 gjekk nederlendarane til åtak på området. Dette var den siste vellukka invasjonen av britisk jord, sjølv om han ikkje fekk noko varig effekt.

HMS «Victory» vart sjøsett frå Chatham i 1765, og vart flaggskipet til Admiral Nelson i slaget ved Trafalgar.

Rundt byen ligg fleire festningar som vart bygd under Napoleonskrigane og i 1860-åra.

Under andre verdskrigen vart det bygt sjøfly her. Etter krigen la marinen ned verksemda si i Rochester, og mykje av den andre skipsindustrien følgde etter. Dette førte til ein vanskeleg økonomisk periode, med høg arbeidsløyse.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Watling Street går gjennom Rochester, og sør for byen kryssar motorvegen M2 og jernbanelinja til Kanaltunnelen Medway.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]