Rock 'n' Roll Animal
| Rock n Roll Animal Konsertalbum av Lou Reed |
||
| Utgjeve | Februar 1974 | |
| Innspelt | 21. desember 1973, Howard Stein's Academy of Music i New York City | |
| Sjanger | Glamrock Hardrock |
|
| Lengd | 40:32 (original) 48:12 (remaster) |
|
| Selskap | RCA | |
| Produsent | Steve Katz, Lou Reed | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Lou Reed-kronologi | ||
| Berlin (1973) |
Rock n Roll Animal | Sally Can't Dance (1974) |
Rock n Roll Animal er eit konsertalbum av Lou Reed frå 1974. Den opphavlege utgjevinga inneheldt fem songar frå forskjellige periodar i karrieren hans, inkludert fleire songar av Velvet Underground. Songane er alle omarrangerte til eit mektig glamrock-sett. Musikarane var Pentti Glan (trommer) og Prakash John (bass) som seinare vart ein del av det andre bandet Alice Cooper, Ray Colcord (tangentinstrument) og Dick Wagner og Steve Hunter på gitarar. Albumet vart spelt inn 21. desember 1973 på Howard Stein's Academy of Music i New York.
Ein nymastra versjon av albumet vart gjeven ut på CD i 2000. Denne hadde langt betre lyd og to ekstra songar som ikkje var på den originale LPen eller CD-utgåva frå 1990.
I tillegg vart utdrag frå den same konserten gjeven ut i 1975 som Lou Reed Live (med Rock 'n' Roll Animal og Lou Reed Live er heile konserten gjeven ut, men i annan rekkefølgje enn på den originale konserten). Dette konsertalbumet har ein annan stereomiks der gitaristen Dick Wagner kan høyrast i venstre kanal og Steve Hunter i den høgre. Dette er motsett på Rock 'n' Roll Animal.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
Original version [endre]
Alle songar er skrivne av Lou Reed, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Intro/Sweet Jane» | Steve Hunter, Reed | 7:55 | ||||||
| 2. | «Heroin» | 13:05 | |||||||
| 3. | «White Light/White Heat» | 5:15 | |||||||
| 4. | «Lady Day» | 4:00 | |||||||
| 5. | «Rock 'n' Roll» | 10:17 | |||||||
Ny versjon [endre]
Alle songar er skrivne av Lou Reed, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Intro/Sweet Jane» | Hunter, Reed | 7:48 |
| 2. | «Heroin» | 13:12 | |
| 3. | «How Do You Think It Feels» | 3:41 | |
| 4. | «Caroline Says I» | 4:06 | |
| 5. | «White Light/White Heat» | 4:55 | |
| 6. | «Lady Day» | 4:05 | |
| 7. | «Rock 'n' Roll» | 10:21 |
Medverkande [endre]
- Lou Reed – vokal
- Pentti «Whitey» Glan – trommer, perkusjon
- Steve Hunter – gitarar
- Prakash John – bass, vokal
- Dick Wagner – gitar, vokal
- Ray Colcord - tangentinstrument
Lister [endre]
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1974 | Billboard Pop Albums | 45 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rock 'n' Roll Animal» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Deming, Mark. Rock 'n' Roll Animal på Allmusic
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ Ferris, Timothy (1974-03-28). «Lou Reed: Rock 'N' Roll Animal : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen den 2009-02-18. http://web.archive.org/web/20090218211800/http://www.rollingstone.com/artists/loureed/albums/album/228746/review/5943093/rock_n_roll_animal. Henta 4. okt. 2011.