Rock Around the Clock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om songen. For filmen med same tittel, sjå filmen Rock Around the Clock.
«Rock Around the Clock»
Singel av Bill Haley & His Comets
Utgjeve Mai 1954
Innspelt 12. april 1954
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:08
Selskap Decca Records
Produsent Milt Gabler
Bill Haley & His Comets-kronologi 
«Straight Jacket» «Rock Around the Clock» «Shake Rattle and Roll»


«Rock Around the Clock» er ein 12-taktsbluessong frå 1952 skrive av Max. C. Freedman og James E. Myers (som nytta psevdonymet Jimmy De Knight).

Sjølv om det truleg ikkje er den første rock and roll-songen, eller den første hitsingelen innan sjangeren (Haley hadde suksess med «Crazy Man, Crazy» i 1953 og «Shake, Rattle and Roll» i 1954, eitt år før «Rock Around the Clock» vart populær), vert han av mange rekna som songen som sette rock and roll på kartet i verda.

Med tekstlinjer som

«Put your glad rags on, join me, Hon
We'll have some fun when the clock strikes one»

og

«When the clock strikes two, three and four
If the band slows down we'll yell for more»

Songen vart første spelt inn av det italiensk-amerikanske bandet Sonny Dae and His Knights,[1] er ikkje den meir kjende versjonen av Bill Haley & His Comets strengt tatt ein coverversjon. Myers hevdar at songen vart skrive spesifikt for Haley, men av forskjellige årsaker fekk ikkje Haley spelt han inn sjølv før i 1954.

Den originale lange tittelen på songen var «We're Gonna Rock Around the Clock Tonight!». Dette vart seinare korta ned til «(We're Gonna) Rock Around the Clock», og sjølv om denne forma generelt vart nytta av utgjevingar på Decca Records av Bill Haley si utgåve, nyttar dei fleste andre innspelingar av denne songen den kortare tittelen.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Mange kjelder seier at «Rock Around the Clock» vart skrive i 1953, men dokument frå historikaren Jim Dawson indikerte at han vart skrive seint i 1952. Det originale arrangementet av songen likna lite på versjonen som Haley nytta, og var faktisk nærare ein populær instrumental på denne tida som heitte «The Syncopated Clock» (skrive av Leroy Anderson).

Det var fleire tidlegare songar med tittelen «Rock Around the Clock» (av Hal Singer og Wally Mercer) men dei er ikkje same song som Freedman/Myers-songen. I tillegg vert det stundom skrive at «Rock Around the Clock» er kopiert frå Big Joe Turner-songen «Around the Clock Blues» frå seint på 1940-talet. Sjølv om tittelen liknar har dei to songane elles lite til felles. Det finst fleire bluessongar med tema om det å feste «round the clock».

Versemelodien til «Rock Around The Clock» er derimot særs lik melodien på den første hitten til Hank Williams, «Move It On Over» frå 1947. Williams sin song var igjen særs lik Charley Patton sin «Going To Move To Alabama» frå 1930 - som igjen delvis var basert på Jim Jackson sin «Kansas City Blues» frå 1927.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gått frå Essex Records våren 1954 signerte Bill Haley for det då viktige Decca Records, og bandet gjekk i studio første gong for det nye selskapet 12. april 1954 ved Pythian Temple studios i New York City. Innspelinga den dagen gjekk nesten i vasken sidan ei ferje dei tok på veg frå New York til Philadelphia gjekk på grunn. Då dei kom til studio bad produsent Milt Gabler, som hadde produsert Louis Jordan og Billie Holiday), bandet om å spele inn songen «Thirteen Women (and Only One Man in Town)» (tidlegare skrive og spelt inn av Dickie Thompson), som Gabler ville ha som A-side på den første singelen til Decca.

Mot slutten av innspelinga gjorde bandet eit forsøk på «Rock Around the Clock», men vokalen til Haley drukna i resten av bandet. Eit nytt forsøk vart gjort med minimalt akkompagnement med Sammy Davis, Jr. ventande utanfor på sin tur til å nytte studioet. Decca sine lydteknikarar kombinerte seinare dei to versjonane. Pianisten til Haley, Johnny Grande, har derimot fortalt seinare at den einaste årsaka til at det vart gjort eit nytt forsøk var fordi trommeslagaren hadde gjort ein feil i første forsøk.

Musikarane som spelte på innspelinga var:

Gussak og Cedrone var ikkje medlemmer av Bill Haley and His Comets, men medverka på fleire av Haley sine innspelingar. Cedrone sin gitarsolo hadde han nytta før på ei anna innspeling med Bill Haley And The Saddlemen sin versjon av «Rock the Joint» i 1952, og denne vert rekna som den første klassiske rock and roll-gitarsoloen nokon gong. Cedrone døydde då han fall ned ei trapp 17. juni 1954 og fekk aldri oppleve populariteten til innspelinga.

Etter utgjevinga[endre | endre wikiteksten]

Som Gabler ønskte det vart «Rock Around the Clock» først gjeve ut våren 1954 som b-side til «Thirteen Women (and Only One Man in Town)». Songen nådde salslistene, men vart rekna som mislukka og selde dårleg. Det var først i 1955, då «Rock Around the Clock» vart nytta i byrjinga av filmen Blackboard Jungle, at songen verkeleg tok av. Han var sterk, enkel og høg, og ein kunne danse til han.

Årsaka til at songen vart nytta i filmen var at stjerna i filmen, Glenn Ford, ønskte å nytta musikk som ungdommen lytta til den tida, og han lånte fleire plater av sonen Peter Ford, og ei av desse var «Rock Around the Clock».[2]

«Rock Around the Clock» vart den første rock and roll-innspelinga som nådde toppen av dei amerikanske salslistene og etter kvart fleire stader rundt om i verda.[3] Songen låg på toppen av salslista i USA i åtte veker.

«Rock Around the Clock» vert stundom omtalt som den mestseljande vinylsingelen gjennom tidene innan rock and roll. Kor mange eksemplar som vart seld er ukjend, men Guinness Rekordbok har nemnd 25 millionar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sonny Dae and His Knights: [1] Arkivert 2012-07-22 ved Archive.is [2]
  2. Dawson, Jim. Rock Around the Clock: The Record that Started the Rock Revolution (Backbeat Books, 2005).
  3. Dawson (2005).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]