Rock of Ages

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rock of Ages
Konsertalbum av The Band
Innspelt 28.-31. desember 1971
Academy Of Music, New York City
Sjanger Rock
Lengd 78:19 (original)
125:07 (2001 reissue)
Selskap Capitol
Produsent The Band
Kritikk
The Band-kronologi
Cahoots
(1971)
Rock of Ages Moondog Matinee
(1973)

Rock of Ages: The Band in Concert er det femte albumet til The Band frå 1972 på Capitol Records. Det er eit konsertalbum frå innspelingar ved Academy of Music i New York City 28. til 31. desember 1971 og nådde sjetteplassen på den amerikanske albumlista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Robbie Robertson hadde bestilt arrangøren Allen Toussaint til å skrive blåsearrangement for den siste singelen deira, «Life Is A Carnival» frå albumet Cahoots, og ønskte no at han skulle skrive fleire arrangement for songane deira på dei komande konsertane.[1] Dei første notane forsvann i bagasjen på ein flyplass i New Orleans, og han måtte skrive nye i ei hytte nær huset til Robertson i Woodstock.[2] Robertson valte ut elleve songar som fekk blåsarar, og alle desse er med på albumet.[3] Blåsarane spelar ikkje på «Get Up Jake», «Stage Fright», «This Wheel's on Fire», «The Weight», «The Shape I'm In» og «The Genetic Method».

Repertoaret bestod av The Band sine originale songar, samt versjonar av «Baby Don't You Do It» av Marvin Gaye og «(I Don't Want to Hang Up) My Rock and Roll Shoes» av Chuck Willis. Det meste av innhaldet på plata er frå opptaka den 30. eller 31. desember.[4] Sidan Garth Hudson skyt inn «Auld Lang Syne» i soloen på «The Genetic Method», reknar ein med at denne songen og «Chest Fever» vart spelte ved midnatt den 31. desember. Bob Dylan gjorde eit overraskande besøk på konserten på nyårsaftan og spelte fire songar med bandet.[5]

Albumet kom ut i 1972 som eit dobbeltalbum, og vart gjeven ut i 1980 som to forskjellige LPar, kalla Rock of Ages, Vol. 1 og Rock of Ages, Vol. 2. Den første CD-utgåva bestod av nedkorta songar for at alt skulle få plass på ei plate. I 2001 kom ei utvida og nymastra utgåve med to CD-plater tu, samt ti bonusspor. Med på bonussplata var dei fire Dylan-songane og ein annan Motown-cover, «Loving You Is Sweeter Than Ever» av The Four Tops.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1
# Tittel Lengd
1. «Introduction by Robertson»   1:22
2. «Don't Do It» (Holland-Dozier-Holland) 5:00
3. «King Harvest (Has Surely Come)»   4:04
4. «Caledonia Mission»   3:38
5. «Get Up Jake»   3:33
6. «The W. S. Walcott Medicine Show»   3:54
Side 2
# Tittel Lengd
1. «Stage Fright»   4:38
2. «The Night They Drove Old Dixie Down»   4:34
3. «Across The Great Divide»   3:59
4. «This Wheel's on Fire» (Rick Danko, Bob Dylan) 4:07
5. «Rag Mama Rag»   4:33
Side 3
# Tittel Lengd
1. «The Weight»   5:32
2. «The Shape I'm In»   4:14
3. «The Unfaithful Servant»   4:48
4. «Life Is a Carnival» (Levon Helm , Robbie Robertson, Rick Danko) 4:17
Side 4
# Tittel Lengd
1. «The Genetic Method» (Garth Hudson) 7:48
2. «Chest Fever»   5:24
3. «(I Don't Want To) Hang Up My Rock and Roll Shoes» (Chuck Willis) 4:20
Bonusdisk frå 2001
# Tittel Lengd
1. «Loving You Is Sweeter Than Ever» (Stevie Wonder, Ivy Jo Hunter) 3:28
2. «I Shall Be Released» (Dylan) 4:03
3. «Up on Cripple Creek»   4:38
4. «The Rumor»   5:02
5. «Rockin' Chair»   4:06
6. «Time To Kill»   4:07
7. «Down in the Flood» (Dylan) 5:25
8. «When I Paint My Masterpiece» (Dylan) 4:17
9. «Don't Ya Tell Henry» (Dylan) 4:38
10. «Like A Rolling Stone» (Dylan) 5:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bowman, Rob. Rock of Ages. 2001, 72435-30181-2-2, s. 2.
  2. Bowman, s. 3-4.
  3. Bowman, s.5
  4. Bowman, s. 10-11.
  5. Bowman, s. 11