Rockin' in the Free World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rockin' in the Free World
Singel av Neil Young
frå albumet Freedom
B-side «Rockin' in the Free World»
Utgjeve 14. november 1989
Innspelt 14. juni 1989 i Jones Beach i Wantagh i NY
Sjanger Hardrock
Lengd Akustisk versjon: 3:38
Elektrisk versjon: 4:40
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
Niko Bolas
Neil Young-kronologi
«Ten Men Workin'»
(1988)
Rockin' in the Free World «No More»
(1989)

«Rockin' in the Free World» er ein song av Neil Young frå albumet Freedom frå 1989.[1] To versjonar av same song vart gjeven ut på albumet, på liknande vis som songen «Hey Hey, My My (Into the Black)» på Rust Never Sleeps. Songen opnar med ei akustisk utgåve og avsluttar med ei elektrisk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først framført på konsert den 21. februar 1989 i Seattle med bandet The Restless.[2]

There's one more kid
that will never go to school
Never get to fall in love,
never get to be cool.

Neil Young (1989)

Boka Shakey av Jimmy McDonough hevdar at songen oppstod då Young var på turne seint i 1980-åra. Han og Frank «Poncho» Sampedro såg bilete i ei avis av liket til Ayatollah Khomeini som var bore til grava si og dei sørgjande som brende det amerikanske flagget i gatene. Sampedro sa, «Uansett kva vi gjer, så bør vi ikkje dra nær Midtausten. Det er truleg best at me berre held fram å rocke i den frie verda». Young spurte om Sampedro hadde tenkt å nytte dette som grunnlaget for ein song, og då Sampedro ikkje hadde slike planar, nytta Young ideen i staden for.[3] Dødsfallet til Khomeini skjedde deriomt fleire månader etter den første konsertframføringa av songen.

Teksten kritiserer George H. W. Bush-adminsitrasjonen[4] og samfunnsproblema i AMerika, med ein direkte refereanse til Bush i linja «thousand points of light», som Bush talte om i innsetjingstalen sin.[2]

Ein forkorta versjon av songen vart nytta over rulleteksten i Michael Moore-filmen Fahrenheit 9/11. Uttrykket «That's one more kid that’ll never go to school / Never get to fall in love, never get to be cool» («Der er enda ein gut som aldri får gå på skulen, aldri får verte forelska, aldri får verte kul»), som opphavleg omhandla forlatne barn, vert i dag nytta som ein referanse til amerikanske soldatar drepne i Irak.

Songen er rangert på 214. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Pearl Jam, Xavier Rudd, The Alarm, Local H, Queensrÿche, Maroon 5, Bon Jovi, Indigo Girls og K's Choice, Drivin N Cryin, Big Country, Joe Satriani, Steve Vai og Yngwie Malmsteen , Leningrad Cowboys, Hayseed Dixie, Pidżama Porno, Jeffrey Walker, The Almighty, Atomic Garden, Suzi Quatro, Simple Minds, Joe Perry Project og New Model Army.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]