Rocky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rocky er ein teikneserie skapt av Martin Kellerman. Serien kom ut fyrste gong i 1998 gjennom gratisavisa Metro i Stockholm. Serien handlar om den antropomorfe hunden Rocky. Bortsett frå at han er hund har Rocky mange likskapar med Kellerman. Han er ein teikneserieskapar som bur i Stockholm, elskar hip-hop og har ulike problem når det gjeld jobb, damer og livet generelt.

I utgangspunktet blir serien teikna for avispublisering, men den blir også samla opp i månadsblad i Noreg og Sverige, samt i større samlebøker. Før den fekk sitt eige blad i Noreg, gjekk den som gjesteserie i Pondus-bladet. Serien har gått i aviser og blad i Sverige, Noreg, Finland, Danmark, Island, Slovenia, Sveits, Spania og Italia.

Konseptet og figurane blei også nytta i et skodespel som blei sett av 40 000 i Stockholm. Kellerman skreiv både manus og hadde regien. Stykket blei fyrste gong sett opp i Noreg av Nordland Teater i Mo i Rana og blei i 2004 også sett opp i Oslo.

Norsk bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Rocky: Bok II
  • 2005: Rocky: The Big Payback (første samlebok utgjeven i Noreg), ISBN 82-509-5410-6
  • 2007: Rocky: Bok III
  • 2008: "Rocky - jubileumsutgave 1998-2008"
  • 2009: Rocky på ferie - bok IV
  • 2009: "Rocky - en liten bok om kjærlighet"