Rodina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Narodno-patriotitsjeskij sojuz Rodina (russisk Народно-патриотический союз Родина, Den folke-patriotiske unionen Moderland) var eit politisk parti i Russland frå 2003 til 2006, då det gjekk inn i det nye partiet Rettferdig Russland (Spravedlivaja Rossija). Det vart stifta i september 2003 som ein valallianse til parlamentsvalet i 2003 av fleire nasjonalistiske og venstre-orienterte grupper. Dei tre fremste leiarane var Sergej Glaziev, Sergej Baburin og Dmitrij Rogozin. Partiet fekk 9,0 % av røystene ved valet i 2003. Motstandarar av partiet hevda at det hadde blitt stifta på oppmodinga av Vladimir Putin sitt regime for å trekkja støtte bort frå kommunistpartiet. Rodina stilte ingen kandidat til presidentvalet i 2004. Som resultat av dette trekte Sergej Glaziev seg frå partiet og stilte som uavhengig kandidat. Han fekk 4,1 % av røystene. Partiet har òg ellers vore utsett for indre uro.

Rodina fekk ikkje lov å delta i valet til byparlamentet i Moskva i desember 2005 fordi kampanjen deira vart dømt å oppmoda til rasehat. Ein av partiet sine valplakatar viste mørkhuda kaukasar som kasta vassmelonskal på bakken, med teksten "la oss rydda byen vår for bos" under.

28. oktober 2006 slo Rodina seg saman med Det russiske pensjonistpartiet (Rossijskaja partija pensionerov) og Det russiske livspartiet (Rossijskaja partija zjizni) under namnet Rettferdig Russland: Moderland/Pensjonistar/Liv (Spravedlivaja Rossija: Rodina/Pensionery/Zjizn)[1]. Rodina var det einaste av desse tre partia som var representert i dumaen frå før. Det nye partiet har erklært seg som eit støtteparti for president Putin. Den første testen for det nye partiet vert regionalval i 14 føderasjonssubjekt den 11. mars 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]