Roelant Savery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blomsterbukett, 1624
Orfeus, 1628

Roelant Savery, eller Roeland(t) Maertensz Saverij, eller de Savery var ein Nederlandsk målar fødd i 1576, gravlagd 25. februar 1639. Han var ein flamskfødd målar og gravør under den nederlandsk gullalderen. Savery vert mest påakta for sine landskapsbilete med dyremotiv og sine stilleben med blomar og insekt.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Savery var fødd i Kortrijk. Til liks med mange andre målarar kom han frå ein familie av anabaptistar som hadde flykta nordover frå det spansk-okkuperte katolske, sørlege Nederlanda då Roelant var i kring fire år gammal. Familien hadde slått seg ned i Haarlem i kring 1585. Roelant vart lært opp i målarfaget av den eldre broren Jacob Savery (ca 1565-1603) i Amsterdam, og av Hans Bol.

Rundt 1604 reiste Roelant Savery til Praha, der han vart hoffmålar hos keisarane Rudolf II og Matias. Hoffet i Praha var då eit senter for kunst i den manierstiske stilen. Mellom 1606-08 var han på reisefot i Tyrol, for å studere plantar.

Føre 1616 flytta Savery tilbake til Amsterdam. I 1618 busette han seg i Utrecht, der han året etter kom med i målarlauget. I 1621 kjøpte Savery eit stort hus i Boterstraat i Utrecht. Kring huset låg ein stor hage med blomar og plantar, dit fleire målarar kom på besøk, mellom dei Adam Willaerts. Brorsonen Hans vart den viktigaste assistenten hans.

Saverys vanlegaste motiv var landskap i den flamske tradisjonen etter Gillis van Coninxloo, gjerne pryda med mange sirleg måla dyr og plantar. Til grunn for verka låg oftast eit mytologisk eller bibelsk tema. Mellom 1611 og 1628 laga Savery fleire bilete av den no utdøydde dronten.

Han måla mange blomsterstilleben med bukettar i steinmurar, somme gongar med firfislar, insekt eller falne kronblad. Slike verk vert ofte rekna som hans beste arbeid. Den stilistiske utviklinga hans innanfor sjangeren påverka kraftig det nederlandske blomstermåleriet i dei neste hundreåra. Stilleben-målarar som Balthasar van der Ast og Ambrosius Bosschaert var mellom Saverys nære vener. På 1620-talet var han ein av dei målarane i Utrecht med størst suksess, men seinare i livet fekk han vanskar, kanskje grunna mykje drikking. Trass i at han hadde lærlingar til siste del av 1630-åra, mellom dei Allaert van Everdingen og Roelant Roghman, gjekk han konkurs i 1638 og døydde i Utrecht eit halvår seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]