Roer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roer
Rur
elv
Roer mellom Monschau og Dedenborn
Land  Tyskland,  Nederland  Belgia
Nedslagsfelt 2 340 km²
Lengd 170 km
Kjelde Hautes Fagnes
 - høgd 660 moh.
Munning Maas
Kart
Roer
50°29′56″N 6°06′35″E / 50.498888888889°N 6.1097222222222°E / 50.498888888889; 6.1097222222222
Wikimedia Commons: Rur

Roer eller Rur (på tysk, ikkje den same som Ruhr) er ei elv i Belgia, Tyskland og Nederland. Ho er ei av sideelvene til Maas frå høgre, og om lag 90 % av renn gjennom Tyskland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rur har sitt utspring i Hautes Fagnes/Hohes Venn nasjonalpark, nær den 696 meter høge Signal de Botrange i Belgia. Sør for Monschau renn elva inn i Tyskland, gjennom Nordrhein-Westfalen. Ho renn først gjennom dei nordlege områda av Eifel-åsane.

Etter 39 km når ho Rurstausee, den nest største kunstige innsjøen i Tyskland. Etter om lag 160 km kryssar ho grensa til Nederland, og 10 km inn i landet munnar ho ut i Maas ved byen Roermond.

Større sideelvar til Rur er Inde og Wurm. Landsbyar langs Rur er Monschau, Düren, Jülich, Heinsberg (alle i Tyskland) og Roermond (Nederland).

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Rur

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rur representerte ein viktig front då dei Allierte pressa seg mot Tyskland mot slutten av Den andre verdskrigen. Mellom 16. desember 1944 og 23. februar 1945 kunne ikkje amerikanarane krysse elva fordi tyske styrkar kontrollerte demningar nær kjelda til elva i det tette skogområdet Hohes Venn. Dette gjorde at tyskarane kunne sprenge demninga slik at all vatnet skylde bort dei allierte. Samtidig tydde Ardennaroffensiven at dei allierte ikkje kunne gå vidare austover fordi styrkane då ville verte for spreidde, og forsyningslinjene meir utsett for tyske angrep. Då motoffensiven vart for stor gav tyske ingeniørar etter og sprengde demningane. Då flaumvatnet trekte seg tilbake kryssa allierte styrkar Rur i flåtar i morgontimane 23. februar 1945, som ein del av Operasjon Grenade.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Frå 1795 til 1815, då Belgia, Nederland og delar av Tyskland var ein del av Frankrike, var det eit département kalla opp etter elva, sjå departementet Roer.

Rur nær Hücklehoven

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]