Roger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musikaren Roger Waters er ein kjend berar av namnet Roger.

Roger er ei opphavleg engelsk form av det germanske mannsnamnet Rodger, kjend på norsk som Roar. Hroðgar er ein gammalengelsk og Hróðgeirr ein norrøn variant av namnet.

Namnet er sett saman av Ro-, som kan koma av det norrøne ordet hróðr eller gammalhøgtysk hruod, som begge betyr 'ære' eller 'vidspurd', og -ger, som kan koma av norrønt geirr eller gammalhøgtysk ger, med tydinga 'spyd', eller av urnordisk *hariaR, 'krigar' eller *wariaR, 'forsvarar'.

Roger har norsk namnedag den 4. januar og svensk namnedag den 2. juni.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Roger er særs utbreidd i Belgia og er ellers mykje brukt i USA, Sverige, Noreg og Frankrike. Den tyske forma Rüdiger er vanleg i Tyskland.

I 2009 var det 9 152 norske menn som heitte Roger. Namnet kom i bruk i Noreg på 1900-talet, og bruken voks til ein topp på siste halvdel av 1960- og heile 1970-talet, då over 0,8 % av nyfødde gutar fekk namnet.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.

  • Dansarinna og teaterinstruktøren Edith Roger (f. 1922), har teke Roger som etternamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]