Roger Glover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roger Glover
Deep Purple - MN Gredos - 03.jpg
Glover på scenen med Deep Purple i 2013
Verkeleg namn Roger David Glover
Fødd 30. november 1945 (69 år), Brecon i Wales
Instrument Bass, vokal, gitar, tangentinstrument, munnspel, saksofon
Sjanger Hardrock, Heavy metal, pop rock
Aktive år 1964 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar Episode Six, Deep Purple, Rainbow, Gillan & Glover
Nettstad [http://Official site Official site]
Kjende instrument
Rickenbacker 4001
Vigier Excess II Roger Glover Signature Model
Fender Precision Bass

Roger David Glover (fødd 30. november 1945) er ein walisisk bassist, låtskrivar og plateprodusent. Glover er mest kjend som bassist i rockebandet Deep Purple.[1][2]

Familien flytta til London i 1955 og Glover fekk interesse for musikk. I 1961 byrja han å spele bass og danna eit band kalla The Madisons. The Madisons vart seinare til bandet Episode Six, som gav ut fleire singlar.

Glover vart henta til det britiske hard rock-bandet Deep Purple saman med Episode Six-vokalist Ian Gillan i 1969. Han forlét bandet i 1973. I 1974 vart han plateprodusent på heiltid, og produserte plater for blant andre Nazareth, Elf, David Coverdale, Status Quo og Judas Priest. Han gav òg ut soloalbumet The Butterfly Ball.

I 1978 gav Glover ut albumet Elements, men i 1979 vart han invitert med i bandet Rainbow av Ritchie Blackmore. Dei gav ut fleire plater før Glover gav ut sitt tredje soloalbum, Mask i 1984.

Same år vart Deep Purple gjenforeint og Glover er framleis bassist i bandet. Saman med Ian Gillan gav Glover ut albumet Accidentally On Purpose i 1988.

Roger Glovers fjerde soloalbum, Snapshot, kom ut i 2002 og hans femte og hittil siste soloplate Close-Up vart utgjeve i 2009.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

med Episode Six[endre | endre wikiteksten]

  • Put Yourself In My Place (1987)
  • BBC Radio 1 Live 1998/1969 (1997)
  • The Complete Episode Six (1991)
  • Cornflakes and Crazyfoam (2002)
  • Love, Hate, Revenge (2005, samlealbum)
Roger Glover i London for Sunflower Jam i 2007.

Solo[endre | endre wikiteksten]

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Som produsent[endre | endre wikiteksten]

Film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

  • 1976 The Butterfly Ball (film)
  • 1991 Deep Purple – Heavy Metal Pioneers (TV/video)
  • 1995 Rock Family Trees, ep. 'Deep Purple' (TV)
  • 2000 100 Greatest Artists of Hardrock (TV)
  • 2002 Gov't Mule – Rising Low (film)
  • 2002 Classic Albums, ep. 'Deep Purple – Machine Head' (TV/video)
  • 2004 Roger Glover – Made in Wales (TV)
  • 2006 Memo – Ivan Pedersen's 40 års karriere (Video)
  • 2006 Brick by Brick: The Building of Gillan's Inn (Video)
  • 2007 Ian Gillan – Highway Star: A Journey in Rock (TV/Video)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Roger Glover