Rogla

Koordinatar: 46°26′N 15°20′E / 46.433°N 15.333°E / 46.433; 15.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rogla er eit fjell og ein feriestad i Zreško Pohorje, nord i Slovenia.

Turismen starta i Zreško Pohorje før den andre verdskrigen. Det første observasjonstårnet vart bygd på Rogla i 1934. Dei første turistbygningane her vart brende ned under krigen. Koča-hytta på Rogla vart gjenoppbygd i 1956. I 1970-åra vart den første skiheisen bygd her. Den kunne då ta 900 personar per time. Vidare vart det bygd hotell i Zreče og på Rogla i 1978, og i 1980 kom fleire skiheisar, og utover 1980-åra fleire hotell.

I 1990-åra var det over 1200 sengeplassar ved Rogla og skiheisar som kunne frakte 12 200 personar per time. I dag er Rogla eit av skisentra i Slovenia med lengst skisesong med til saman 13 løyper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Rogla» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Brečko, Andraž. Thesis: Turizem in informacijska tehnologija, primer Unior d.d. program turizem. Ljubljana 2004 (in Slovene)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

46°26′N 15°20′E / 46.433°N 15.333°E / 46.433; 15.333