Asalslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rogn- og asalslekta)
Asalslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Eplefamilien Maloideae
Slekt: Asalslekta Sorbus
L., 1753

Asalslekta (Sorbus) er ei slekt i rosefamilien. Ho inneheld små tre og buskar som har blad med grovtakka kant. Blomane er femtalige og kvite eller rosa med mange støvberarar. Vekstane har bær som ofte er raude, men nokre artar kan òg ha kvite, gule eller grøne bær.

Sorbus x ambigua er ein hybrid mellom sølvasal (S. aria( og S. chamaemespilus.
Rognasal (Sorbus hybrida)
Sølvasal (Sorbus aria)
Sorbus millensis
Sorbus sibirica

Planteslekta omfattar om lag 100–200 artar. Enkelte forskarar plasserer desse i underslektene Sorbus, Aria, Micromeles, Cormus, Torminaria og Chamaemespilus. Fleire av artane er apomiktar (set frø som er klonar av morplanten) og dannar lett hybridar. Det finst derfor ei rekkje typar tre som er endemiske innanfor eit mindre område.

Dette er ei svært utbreidd slekt i Europa. I Noreg finst artane rogn (Sorbus aucuparia) og rognasal (Sorbus hybrida), i tillegg til fleire lokale endemiske artart. I alt veks 16 asal-artar i Norden, 12 av dei i Noreg.

Tre i asalslekta kan ha lappete, finnete eller sagtakka blad som alltid er skruestilte. Greinene har ikkje tornar. Dei femtalige blomane har flate kronblad som er lengre enn begeret. Talet på støvberarar er høgt, normalt 15–25. Frukta er små, bær-liknende eple som er inntil 3 cm store, og har 2–3 fråskilde kammer eller rom.

Nokre artar[endre | endre wikiteksten]

Lista under inneheld eit utval artar i asalslekta, med norske namn der desse finst, og elles nokre synonyme engelske namn. Utbredeiing for artane som finst i Noreg er også vist, og artar som veks i Noreg er sett i feite typar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Sorbus
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.