Rognald Pederson Haugland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rognald Pederson Haugland
Fødd1808
Død1902 (94 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv
  • ordførar i Gulen Sjå dette på Wikidata

Rognald Pederson Haugland (18081902) var ein norsk lærar, lensmann og politikar frå Brekke i Gulen kommune.

Som syttenåring vart Haugland lærar i Eivindvik (truleg under opplæring av soknepresten og folkeopplysaren Niels Griis Alstrup Dahl,) og frå 1838 i Utvær i Solund. Frå 1855 vart han lensmann i Lavik tinglag medan han budde i Brekke, før han vart kommunekasserar i Eivindvik.

Det var Niels Dahl som vart den fyrste ordføraren i Gulen kommune, eller Eivindvik kommune som det heitte den gongen. Haugland vart etterfylgjaren hans, og sat som ordførar i Eivindvik kommune i tre økter, til saman 22 år: 1850-1851, 1855 og 1858-1877.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]