Rognkjekse og rognkall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rognkjeks og rognkall)
Rognkjeks
Rognkjeks
Rognkjeks
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Cottoidei
Overfamilie: Cottoidea
Familie: Rognkjekse og rognkall Cyclopteridae
Slekt: Cyclopterus
Art: Rognkjeks C. lumpus
Vitskapleg namn
Cyclopterus lumpus

Rognkjekse (Cyclopterus lumpus) er ein beinfisk i rognkjeksfamilien. Sjølv om hofisken ofte vert nemnd rognkjeks, og hannfisken rognkall, er det vanleg å kalle arten for rognkjeks. Arten er lett å kjenna att på den klumpete kroppen og sugeskiva dei har på buken

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Rognkjekse og rognkall har klumpete kroppar med små hovud. På ryggen har dei ein karakteristisk pukkel, som veks med alderen og er størst hjå hannen. På buken har dei ei sugeskive som dekker om lag 1/5 av kroppen og er omdanna frå bukfinnane. Brystfinnane sit delvis på undersida av fisken. Langs sidene og mellom ryggfinnane har dei tre rekkjer med store vorter.

Rognkjekse kan verte 63 cm og vege 5,5 kg. Hoa er oftast mellom 33-53 cm. Hannar er ein god del mindre, oftast 23-43 cm lange[1]

Utbreiing og levesett[endre | endre wikiteksten]

Rognkjeksyngel syg seg fast på grisetang

På yngelstadiet lever fisken pelagisk i tarebeltet, der han kan finne skjul, og feste seg med sugeskiva på tareblad. Når yngelen er om lag eit år gammal, og kring 6-7 cm lang, søkjer mange til ope hav for å beite, stort sett på planktoniske krepsdyr, manetar, småfisk og børstemakk.

Fisken er solitær oftare enn stimlevande. Utan om gyteperioden lever arten semipelagisk, i dei øvre 50-60 metrane i oseaniske farvatn. Han held til i det nordlege Atlanterhavet. Det har vorte påvist tre ulikt genetiske populasjonar: Ein i nordvest (Maine-Canada-Grønland), ein populasjon i nordaust (Island- Noreg) og ein i Austersjøen.

Forsking syner at rogkjeks er relativt stadbundne, og at lokale bestandar kan vere små. Ein finn genetiske forskjellar når ein samanliknar fisk frå nord til sør langs Norskekysten.

Rognkjekser i Sognefjorden, Hardangerfjorden og Boknafjorden tilhøyrer same genetiske gruppe. I Isfjorden på Svalbard er dei mest lik rognkjeks frå Grønland.[2]

Gyting[endre | endre wikiteksten]

I gyteperioden finn ein rognkjeks i grunne område langs kysten på begge sider av Nord- Atlanteren. I Aust - Atlanteren frå Svalbard i nord til Portugal i sør. Som med anadrome fiskeslag, ser det ut til at arten søkjer attende til område der den sjølv vart klekt.[3] Utanom gyteperioden er det ingen ytret tegn som skil kjønna. Men i gytetida er det tydeleg forskjell, kjekser er blå, kallar er raude. Rognkjeks gyt i tidsromet februar til mai. I Noreg foregår gytinga mest i Nord-Noreg.

Innsiget av rognkall kjem om lag to veker før rognkjeksa. Gytinga foregår i territorie som kallen har etablert. Etter befruktinga fester egga seg til botnen i ein klump. Det kan vere rogn frå fleire hoer i klumpen. Og hoa kan legge rogn i reviret til andre hannar. Når ho har gytt vandrar ho ut mot havet og djupare vatn.

Rognkumpen vert passa av hannen til egga er klekte, noko som ofte kan ta opp mot to månadar. I tillegg til å jaga vekk predatorar syter han òg for at rogna vert tilført friskt vatn.[1]

Økonomisk verdi[endre | endre wikiteksten]

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Talerken med rognkjekskaviar

Fiske etter rognkjeks i Noreg tok til på 1950-talet. Formålet med fisket er å nyttiggjere seg rogna til fisken. Det vert difor fiska i gyteperioden. Fisket foregår for det meste med garn. Det kan vere vanskeleg fordi det må foregå heilt inn mot land, på grunne, ofte verharde kystområde.

Rogna vert brukt til kaviarproduksjon. Det er ein fordel å kunne fange berre rognfiskane. Sidan dei er større enn hanne, prøver ein å bruke garn med så store mauskar at kallane ikkje vert fanga. Mauskestorleiken kan vere opp til 292 mm.[1]

Kvoteråda frå Havforskningsinstituttet har frå 2019 vore å halde den totale mengda produsert rogn under 400 tonn, noko som tilsvarar 1320 tonn fisk. Det kvoterådet gjeld og for 2023. Fiskarane får tildelt fartøykvote.[4]

I Noreg vert sjølve fisken sjeldan brukt til mat. På Island er rognkallen, hannane, sett på som svært god matfisk, og det vert difor fiska etter han.[5]

Rensefisk[endre | endre wikiteksten]

For å få bukt med lakselus, som er eit stort problem i oppdrettsnæringa, vert det sett fisk som et lakselusa av oppdrettsfisken, ut i oppdrettsmerdane. Rognkjeks er ein av artane som vert brukt til dette.

Desse fiskane kan ikkje settjast ut mellom laksen utan at dei har gøymestaderder dei kan kvile. Det vert arbeidd med å få til dette på best muleg måte. Det vert helst brukt ulike plastremser, festa til tauverk.[6] Rognkjeksen et lakselus berre til han er om lag 400 gram.[3] I merdane må rensefisken ha tilleggsfôr, og ein søkjer etter for som gjer at fisken veks seint. Fisken kan då brukast lenger. Det ser ut som slik foring gir betre fiskevelferd.[7] Noko av rogkjeks som vert nytta til rensefisk ver fiska til dette formålet, men mesteparten kjem frå oppdrett, der det vert nytta rogn frå villfanga fisk.

Dersom denne stamfisken, som kan ha genar frå ulike område, rømmer, kan det påverke genane i lokale rognkjeksbestandar. Røming kan og medføre fare for sjukdomsspreiing.[2]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 «BESTANDSINFORMASJON OM ROGNKJEKS OG ROGNKALL (2017)» (PDF). Havforskningsinstituttet. september 2017. Henta 21. mai 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Rognkjeks reiser hjem». Havforskningsinstituttet. 30. mai 2023. Henta 1. juni 2023. 
  3. 3,0 3,1 «Regulering av fisket etter rognkjeks» (PDF). Havforskningsinstituttet. 2020. Henta 19. mai 2023. 
  4. «Kvoteråd: Rognkjeks». Havforskningsinstituttet. 5. oktober 2022. Henta 20. mai 2023. 
  5. «Hrognkelsi» (på islandsk). Fiskbókin (fiskbokin.is). 12. februar 2016. Henta 20. mai 2023. 
  6. «Rognkjeks foretrekker tykk tare». Kyst.no. 8. oktober 2019. Henta 19. mai 2023. 
  7. «Improving survival and health of lumpfish (Cyclopterus lumpus L.) by the use of feed blocks and operational welfare indicators (OWIs) in commercial Atlantic salmon cages - ScienceDirect» (på engelsk). ScienceDirect. 15. oktober 2020. Henta 20. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]