Rognkniv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein rognkniv vert brukt for å unngå at rogna vert skada når ein spretter fisk. På spissen av kniven kan det vere ei kule, eller fremste del av eggja vert ukvest. Når ein då spretter fisken med den bakre kvasse delen av eggja går ikkje rogna sund om ho kjem i kontakt med kniven. Ein rognkniv kan ha to blad ved sida av kvarandre. Det største vert bruk til å kappe fisken med. Rognbladet må då takast av når det skal kvessast.

Rogn som har vorte skada har ikkje kunne gå direkte til kommersiell omsetjing. Ho kan likevel brukast til kaviarproduksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øyvind Haram: «Maritime knivar og eggjeverktøy». KYSTEN nr 1 2010