Rokade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kort rokade

Kort rokade: O-O
 

Lang rokade

Lang rokade: O-O-O

Rokade er eit spesialtrekk i sjakk. Spelaren flytter to brikker i eitt trekk, kongen og eitt av tårna. Rokade skal utførast ved først å ta opp kongen og flytte den to felt mot tårnet, og deretter flytte tårnet over kongen. Sjå diagramma til høgre.

Rokade er berre lov dersom desse vilkåra er oppfylt:

  1. Spelaren har ikkje flytta kongen tidlegare i partiet.
  2. Tårnet som vert brukt i rokaden har ikkje blitt flytta frå det opphavlege feltet ved starten av partiet.
  3. Det står ingen brikker mellom kongen og tårnet.
  4. Kongen står ikkje i sjakk, feltet kongen passerer må ikkje vera angripe av motstandaren sine brikker, og sjølve rokaden må ikkje setje eigen konge i sjakk.

Rokaden er eit viktig trekk i opningsfasen av eit sjakkparti. Ein oppnår to fordelar: Kongen vert flytt til ein sikrare posisjon, og tårnet får ein meir aktiv posisjon på midten av brettet. I algebraisk sjakknotasjon vert kort rokade (på kongesida) notert som 0-0 og lang rokade (på dronningsida) som 0-0-0.

Uttrykket «rokade»[endre | endre wikiteksten]

Rokade eller rokering vert òg bruka i daglegspråket, om ein situasjon der folk bytar posisjonar, oftast når politiske posisjonar blir byta om utan at nokon vert avsett.