Roland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Roland.
Roland

Fødd737
Død15. august 778
Orreaga-Roncesvalles
Tittelpréfet de la marche de Bretagne
Alle titlargreve
LandFrankarriket
SambuarAude

Roland (ca. 73615. august 778) var ein frankisk adelsmann, kjend som helten i Rolandskvadet og fleire seinare heltedikt.

Roland var markgreve av Bretagne under Karl den store, og var den fremste hærførararen til keisaren. Han døydde i passet Roncesvalles (Roncevaux) i Pyreneane under eit baskisk bakhaldsåtak.

Denne spede bakgrunnen blei bygd vidare på i folkediktinga. Her blei Roland omtala som søstersonen av Karl den store. Han hadde namngjevne eigedelar: Sverdet Dyrendal, luren Olifant og hesten Veillantif, og var ein forkjempar for kristendommen mot ein veldig maurarhær.

Roland heitte eigentleg Hruodlan, på latin Hruodlandus. På spansk blei namnet til Roldán eller Rolando og på italiensk Orlando. I tillegg til Rolandskvadet og ei rekkje chanson de geste er han skildra i renessanseverka Orlando innamorato og Orlando furioso. I Noreg er Roland helten i folkevisa «Roland og Magnus kongjen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Roland