Roland CR-78

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Roland CompuRhythm CR-78 er ein trommemaskin som vart lansert av Roland Corporation i 1978.[1]

Sjølv om han er primitiv etter dagens standarar, var CR-78 eit langt steg fram i trommemaskinteknologien på den tida, særleg fordi brukarane kunne programmere og lagre sine eigne trommerytmar. At boksen kom i tre med førehandssette rytmar som Waltz, Bossa Nova og Rhumba indikerer at han var meint som akkompagnement for eit elektrisk orgel, men CR-78 vart raskt ein favoritt hos pop- og elektroniske musikarar seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra. Kjende songar som nyttar Roland CR-78 er mellom andre «Vienna» av Ultravox, «Heart of Glass» av Blondie og «In the Air Tonight» av Phil Collins.[2]

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The History Of Roland
  2. Classic Tracks: Phil Collins' "In the Air Tonight", arkivert frå originalen 17. mars 2007, henta 11. februar 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]