Roland og Magnus kongjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Roland og Magnus kongjen er ein norsk folkevisevariant av balladen «Rolandskvadet». Den originale balladen er dikta på 1100-talet, den norske varianten går attende til ei norrøn attdikting på prosa av dei franske kjempevisene om Karl den store, i Noreg kalla Karlamagnus saga.

De var Magnus kongjen,
skundar han si ferd:
dau låg Roland i kappen
og helt i hond sitt sverd.

Frå Roland og Magnus kongjen etter Liestøl og Moe

Visa tar utgangspunkt i ei historisk hending, om slaget på Roncevaux ved Pyreneane der markgreve Roland fall. I i den norske folkevisa er slagstaden kalla Ronsevollen, og Karl den store vert kalla Magnus kongjen. Dei historiske detaljane er for ein stor del blitt borte på vegen til den norske folkevisa. I visa får vi høyre om Roland som fer over havet for å slåst mot heidningane, vi får høyre mykje om slaget, om Roland som fell og om freistnaden på å taka sverdet or handa hans.

Visa er, slik ho vart nedskriven like etter år 1800, notert med 28 vers, kvart på fire liner, utan omkved. Versa er grupperte i sju bolkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]