Rolf Danneberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Danneberg
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 1. mars 1953 (71 år)
Hamburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Rolf Danneberg (fødd 1. mars 1953) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Hamburg som tevla for Vest-Tyskland. Han vann gullmedaljen i diskoskast under OL 1984 i Los Angeles med 66,60 meter. Fire år seinare fekk han bronsemedaljen i same øvinga under dei olympiske leikane i Seoul. Personleg rekord er på 67,60 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Danneberg vart vesttysk meister i diskoskast i 1980, men deltok ikkje i sommar-OL ettersom Vest-Tyskland boikotta leikane i Moskva. Han fekk sin internasjonale meisterskapsdebut to år seinare, utan å nå EM-finalen i Aten.

I 1984 vart Danneberg olympisk meister i diskoskast under leikane i Los Angeles. Halvvegs i finalen låg han utanfor medaljeplass, men fekk i fjerde omgang opp eit kast som målte 66,60 m. Dermed gjekk han opp i leiinga, 30 cm framom arrangørlandet sin eigen meister, Mac Wilkins. Kastet viste seg å halde til OL-gull.

Etter ein ellevteplass i EM 1986, stod Danneberg for betre prestasjonar i 1987-sesongen. I mai månad gjorde han sitt livs lengste kast med 67,60 m i Berlin. Tre månader seinare kom han på fjerdeplass under VM 1987, seks centimter frå bestekastet til bronsemedaljøren Luis Delís frå Cuba.

Under OL 1988 lukkast Danneberg å vinne ein ny OL-medalje. Etter ein mindre god serie smelte han til med 67,38 m i sitt femte forsøk og tok bronsemedaljen, berre 10 cm bak sølvmedaljøren sitt bestekast. To år etter vart Danneberg nummer seks i diskostevlinga i EM 1990.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]