Rolf Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå eventuelt Statsråd Rolf Jacobsen
Rolf Jacobsen

Rolf Jacobsen (8. mars 190720. februar 1994) var ein norsk lyrikar og journalist frå Oslo (Kristiania) og føregangsmann for modernismen. Han debuterte i 1933 og gav ut diktsamlingar resten av livet. Dikta hans tok opp den nye tida med maskinar og industriutvikling, men òg mellommenneskelege kjensler og filosofiske spørsmål.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jacobsen budde det meste av livet på Hamar og Kongsvinger. Han var fødd i Oslo, men voks opp i eit meir landleg landskap på Flisa i Solør, der faren hans arbeidde som skoletannlege. Han tok artium i Oslo, og tok til å interessera seg for teater og dikting. Den første diktsamlinga hans skal ha blitt til på Kaffistova i Oslo.

Jacobsen si utdanning omfatta studiar ved Universitetet i Oslo i teologi, historie, filosofi og norsk språk. Formelt tok han ikkje eksamen på universitetsnivå utover førebuande prøvar (examen philosophicum).

Etter at Jacobsen vende tilbake frå Oslo til Solør i 1935 engasjerte han seg i AUF og lokalpolitikken. Han fekk ein jobb i Kongsvinger Arbeiderblad, som no heiter Glåmdalen. Resten av livet tok han avis- og bokhandelarbeid ved sida av diktskrivinga for å livnæra seg.

I 1941 gifta han seg med Petra, som han var nært bunde til fram til ho døydde i 1983. Jacobsen flytta til Hamar i 1949 og budde der resten av livet.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Rolf Jacobsen var ein av dei fyrste modernistiske lyrikarane i Noreg. Han var særleg påverka av Karel Capek sine maskinvisjonar. Han hadde fått gitt ut den fyrste diktsamlinga si, Jord og jern, i 1933 og fylgt opp i 1935 med Vrimmel. Bøkene vart vel mottekne. Etter 1945 tok det lang tid før han klarte å arbeida seg inn att hjå folk, men han klarte det, i motsetnad til dei fleste andre diktarane som hadde støtta eller samarbeidd med nazistane under krigen i Noreg. Rolf Jacobsen vart ein av dei høgst verdsette lyrikarane i Noreg på 1900-talet.

Journalist og politikar[endre | endre wikiteksten]

1930-talet var Jacobsen aktiv som distriktsleiar for AUFFlisa, han representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret og formannskapet og var journalist for Kongsvinger Arbeiderblad. I oktober 1940 melde han seg inn i Nasjonal Samling (NS), og frå 1941 var han redaktør i Kongsvinger Arbeiderblad. Avisa skifta namn til Glåmdalen i 1943). I 1942 vart han propagandaleiar i Kongsvinger partilag av NS. I avisa vart det gjeve uttrykk for synspunkt som gjekk i nasjonalsosialistisk (nazistisk) lei. I landssvikoppgjeret etter den andre verdskrigen vart han dømd til tre og eit halvt års tvangsarbeid. Jacobsen sitt NS-medlemskap var lenge relativt ukjend. Sjølv la han etter krigen vekt på at redaktørtida i Glåmdalen var eit forsøk på å redda avisa frå nazi-styret. I 1947 vart han frigjeven frå straffarbeidet. Han arbeidde i bokhandel på Hamar frå 1949 til 1959. I perioden 1961-71 arbeidde han for Kongsvinger og Hamar Stiftstidende, mellom anna som redaksjonsskretær og redaktør.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1933 Jord og jern
  • 1935 Vrimmel
  • 1951 Fjerntog
  • 1954 Hemmelig liv
  • 1956 Sommeren i gresset
  • 1960 Brev til lyset
  • 1965 Stillheten efterpå
  • 1969 Headlines
  • 1972 Pass for dørene - dørene lukkes
  • 1975 Pusteøvelse
  • 1977 Den ensomme veranda
  • 1979 Tenk på noe annet
  • 1982 Liv laga
  • 1985 Nattåpent
  • 1990 Alle mine dikt
  • 1996 En liten kvast med tusenfryd og fire rare løk: ukjente dikt og tekster 1925-1993
  • 1996 Samlede dikt 1999

Litteratur om Rolf Jacobsen[endre | endre wikiteksten]