Rolf Nordhagen (1927-2013)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rolf Nordhagen (f. 1927))
Rolf Nordhagen
Fødd2. august 1927
Bergen
Død1. juli 2013
NasjonalitetNoreg
Yrkeinformatikar, fysikar, kjernefysiker
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Rolf Nordhagen (2. august 19271. juli 2013)[1] var ein norsk fysikar kjend for arbeidet sitt innan informatikk og utviklinga av internett.[2]

Nordhagen var var fødd i Bergen som son av botanikaren Rolf Nordhagen (1894-1979). Han tok Ph.D. i Liverpool i 1958.[2]

Frå 1970 til 1974 var han dosent i kjernefysikk ved Universitetet i Oslo.[2] Han fortsette same stad som EDB-sjef frå 1974 til 1986 og professor i informatikk frå 1986.[2]

Nordhagen var tidleg ute med å ta i bruk elektroniske datamaskinar for innsamling og analyse av data frå kjernefysiske eksperiment. Med dette la han grunnlag for eit datateknisk målelaboratorium ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo. Seinare arbeidde han med generelle problem innan datateknologi.[2]

I 2014 blei Nordhagen innlemma i Internet Hall of Fame for arbeidet sitt knytt til utviklinga av internett.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dødsannonse frå Aftenposten Arkivert 2014-02-21 ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Rolf Nordhagen – fysiker». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 6. juli 2021.