Rollag kommune
| Rollag kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0632 |
| Fylke | Buskerud |
| Adm.senter | Rollag |
| Areal | 449 km² |
| Folkemengd | 1 387 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Dag Lislien (Sp) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.rollag.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Rollag kommune på Commons | |
Rollag kommune er ein kommune i Numedal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i nordvest til Nore og Uvdal kommune, i aust mot Sigdal kommune, i sør mot Flesberg kommune, og i vest mot Tinn kommune i Telemark fylke.
Den offisielle skildringa av kommunevåpenet er «To oppstigende gullspisser, møtende i øvre skjoldrand, mot rød bakgrunn». Våpenet viser stilisert ein varde og er frå 1993.
Geografi [endre]
Rollag kommune omfattar Numedal frå Fossan til Vergja bru, i tillegg til fjelltraktene på begge sider. Dalsidene i Numedal er for det meste bratte og skogkledde, og åslandet på begge sidene av hovuddalføret er svært kupert. Nesten to tredelar av arealet i kommunen ligg høgre enn 600 moh. Det høgste punktet er Storegrønut som er 1289 moh. og ligg på Vegglifjell, på grensa til Telemark i nordvest.
Det er to tettstader i Rollag kommune, kommunesenteret Rollag og det noko større Veggli. Busetnaden i kommunen følgjer for det meste hovuddalføret der desse to tettstadene ligg.
Næringsliv og samferdsel [endre]
Rollag er ein jordbruks- og skogbrukskommune. Dei fleste gardane ligg på morenejord i hovuddalføret 200–300 moh. Jordbruket er basert på hald av husdyr (særleg storfe og sau), men det er også dyrka atskilleg korn. Kongsberg Automotive har ein fabrikk i Rollag, som er å rekna som ei hjørnesteinsbedrift i kommunen. Kommunen har ein fokehøgskule, Numedal folkehøgskole, som fokuserer på idrett.
Fylkesveg 40 (Kongsberg–Geilo) går gjennom kommunen langs Lågen. Frå Veggli kyrkje går det sommarveg vestover til Tinn kommune i Telemark og frå dei sørlege delane av bygda over til Sigdal kommune. Numedalsbanen som gjekk frå Kongsberg til Rødberg har nå noko turisttrafikk i privat regi; overfor Veggli er det berre dressinkjøring.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Rollag»
Bakgrunnsstoff [endre]
- Rollag kommune — Offisielle heimesider
- Kommunefakta Buskerud frå Statistisk Sentralbyrå
| Kommunar i Buskerud | ||
|---|---|---|
| Drammen · Flesberg · Flå · Gol · Hemsedal · Hol · Hole · Hurum · Kongsberg · Krødsherad · Lier · Modum · Nedre Eiker · Nes · Nore og Uvdal · Ringerike · Rollag · Røyken · Sigdal · Øvre Eiker · Ål | ||