Rollag stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rollag stavkyrkje
kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Kongsberg
Sokn Rollag
Fellesråd Rollag
Periode mellomalderen
Teknikk stavverk, laft
Material tre
Innvigd 1200-tal
 - Endringar Kor utvida i laft, 1670.
Ombygd til krosskyrkje, 1698.
Kart
Rollag stavkyrkje
60°01′16″N 9°16′23″E / 60.021025°N 9.273172°E / 60.021025; 9.273172
Wikimedia Commons: Rollag stavkirke

Rollag stavkyrkje er ei eittskipa stavkyrkje (midtmastkyrkje) som ligg i Rollag i Rollag kommune i Buskerud. Kyrkja er truleg bygd i siste halvdel av 1200-talet, men det er ikkje mykje att av den opphavlege kyrkja. Den eldste skrivne referansen til kyrkja er frå 1425.

Kyrkja og området rundt er Rollag sin tusenårsstad.

Tilkomst til staden er via fylkesveg 107 (Buskerud) og riksveg 40.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg har kyrkja vore ei enkel langkyrkje med eit rektangulært skip og med eit smalt, rett avslutta kor. Dette koret blei i 1670 erstatta med eit større kor av lafta tømmer. Seinare blei det sett på krossarmar av stavverk på kvar side av skipet. I 1760 blei eit ekstra omfar av laft lagt på toppen av stavkonstruksjonen, og skipet blei utvida mot vest.

Ho blei ombygd til krosskyrkje i 1698.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Rollag stavkyrkje er ei av dei rikast dekorerte stavkyrkjene, med ei blanding av kunstuttrykk frå ei rekkje periodar frå tidleg mellomalder heilt opp til dei seinare år, som speglar skiftande retningar og behov.

Det er teke ned eit mellomalderkrusifiks og to minnetavler eller epitaf frå 1600-talet, som no er til konservering. Epitafet som hang i korskiljet, dekte øvre del av den mellomalderske delen av skipet mot aust. Då dette blei synleg, blei det funne dekormaling som truleg stammar frå mellomalderen. På baksida av epitafet var det også eit måleri som var ukjend.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]