Rollin' and Tumblin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Rollin' and Tumblin'»
Publisert 1929
Språk Engelsk
Form Blues
Opphavleg artist Hambone Willie Newbern[1]
Innspelt av Robert Johnson, 1936
Sonny Boy Williamson I, 1938
Muddy Waters, 1950
Elmore James, 1960
Cream, 1966
Canned Heat, 1967
Bonnie Raitt, 1972
Johnny Winter, 1968
Eric Clapton, 1992
Jeff Beck, 2001
Bob Dylan, 2006
Jenni Muldaur, 2007
Cyndi Lauper, 2010
R.L. Burnside, forskjellige år
Framført av Bob Dylan,
Eric Clapton

«Rollin' and Tumblin'» er ein bluessong som har vorte spelt inn hundrevis av gongar av forskjellige artistar.[2] Han vert rekna som ein tradisjonell song og har vorte spelt inn med forskjellige tekstar og titlar. Låtskrivinga vert ofte tilskriven Hambone Willie Newbern eller McKinley Morgelfield (òg kjend somMuddy Waters).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bluesinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen kan vere knytt til «Minglewood Blues», spelt inn 30. januar 1928 av Gus Cannon's Jug Stompers.[1] Delar av melodien og munnspelet liknar på «Rollin' and Tumblin'». Den tidlegare innspelte versjonen av –Roll and Tumble Blues av Hambone Willie Newbern (Okeh 8679), vart gjort 14. mars 1929.[1] Andre bluesartistar spelte inn sine eigne versjonar, som «If I Had Possession Over Judgment Day» av Robert Johnson i 1936,[3] «Brownsville Blues» og «The Girl I Love, She Got Long Curly Hair» av Sleepy John Estes, «Goin' Back to Memphis» av Sunnyland Slim og «Rollin' Blues» av John Lee Hooker. Den mest kjende versjonen vart Muddy Waters sin «Rolling and Tumbling» med Ernest «Big» Crawford på bass, for Chess-brørne sin Aristocrat-etikett i 1950. Leonard Chess insisterte på at Waters spelte inn song mindre enn ein månad etter at Waters hadde spelt inn ein versjon for rivalen Parkway, med Little Walter og Baby Face Leroy Foster.[4] Parkway tilskriv Baby Face Leroy Trio, med vokal av Leroy, og Muddy Waters som låtskrivar. Elmore James spelte inn songen som «Rollin' and Tumblin'» i 1960, og tilskreiv seg sjølv som låtskrivar. I 1961 spelte Howlin' Wolf inn «Down in the Bottom» med ny tekst som var tilskriven Willie Dixon.

Rockeinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1960-åra har songen vorte spela inn av hundrevis av bluesrockband, som Cream på debutplata deira Fresh Cream i 1966, Johnny WinterThe Progressive Blues Experiment i 1968, Canned Heat i 1967 på debutalbumet deira, Blues Creation på debutalbumet deira i 196), Eric Clapton for hans Unplugged album i 1992 og Me and Mr. Johnson i 2004, av Jeff Beck i 2000 på You Had It Coming, Gov't MuleLife Before Insanity og nyleg av Bob Dylan på hans Modern Times i 2006. Dylan hevdar han har skrive songen sjølv på dei fleste versjonane av plata hans. Musikalsk er arrangementet særs likt Muddy Waters-utgåva, men Dylan har skrive heilt nye vers, men halde opningslinjene. Ein versjon av songen kan ein sjp på Dr. Feelgood sitt «Going Back Home»-show frå 1975, som vart gjeven ut på DVD i 2005 og Grateful Dead spelte songen på konsertar mange gonger under forskjellige namn, som «Minglewood Blues», «The New Minglewood Blues», «The All-New Minglewood Blues», og «The New New Minglewood Blues».

The Yardbirds spelte inn songen for albumet deira Little Games i 1967 med anna tekst under namnet «Drinking Muddy Water», truleg som ein referanse til Muddy Waters. På albumet er Chris Dreja, Jim McCarty, Jimmy Page og Keith Relf tilskriven som låtskrivarar. Same året spelte Captain Beefheart and His Magic Band inn «Sure 'Nuff n' Yes I Do» som opningssongen på debutalbumet deira Safe As Milk, som òg nyttar same melodi med anna tekst. «Sure 'Nuff» vart tilskriven Captain Beefheart med tekst av Herb Bermann.

R. L. Burnside har òg spelt fleire versjonar av songen han har kalla «Rollin' Tumblin'».

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Songen har ein enkel, perkusjonsdriven rytme, vanlegvis med ein særeigen slidegitar og akkompagnert av munnspel og vokal. Teksten består av vers, men ingen referng, som har variert frå artist til artist. Den første linja er typisk «I rolled and I tumbled, I cried the whole night long.». Den første linja i kvart vers vert repetert ein gong, og så følgd av ein konklusjon, den vanlege tre linjers-strukturen i ein 12-takts blues.

Akkordstrukturen skil seg derimot frå ein 12-taktsblues. Det som skil songen ut er at kvart vers byrjar med ein IV-akkord, som etter to taktar vert til ein I-akkord (til dømes i C-nøkkel ville dette vore ein F-akkord som vart til ein C-akkord). Ofte vert IV akkorden flytta til IV♭7 på den andre takten eller det siste slaget i den andre takten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Titon, Jeff Todd. Early Downhome Blues: A Musical and Cultural Analysis. University of Illinois Press, 1978, s. 124
  2. Allmusic i mars 2008
  3. Wald, Elijah (2006). Escaping the Delta: Robert Johnson and the Invention of the Blues. 
  4. Gordon, Robert G. (2002). Can't Be Satisfied: The Life and Times of Muddy Waters. , s.100

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]