Rolv Thesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolv Thesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1896
Død

13. september 1966 (70 år)

Yrke litteraturkritikar, biograf, lyrikar, skribent, filolog

Rolv Thesen (14. juli 189613. september 1966) var ein norsk litteraturforskar, statsstipendiat og diktar frå Moskenes.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thesen tok artium i hovudstaden i 1916. Deretter var han lærar ved Kvæfjord Middelskole i Troms i tre år. Han byrja så å studere filologi i Kristiania, og var dessutan i 1920/21 styrar for ein eittårig middelskule for landsungdom. Etter han hadde gjort unna hovudfag i historie i 1926, arbeidde han tida 1926-31 som lektorEidsvoll landsgymnas. Thesen tok i 1928 til som litteraturkritikar og spaltist i Arbeiderbladet, ei verksemd han dreiv livet ut. Han var òg litterær konsulent for Aschehoug forlag. Frå 1949 var han statsstipendiat.

Litteraturforskaren Thesen skreiv både om samtidsforfattarar som Olav Duun, Tore Ørjasæter og Johan Falkberget, og om eldre, store forfattarar. Særleg oppteken var han av Arne Garborg sin forfattarskap, og som han gjennom avhandlinga Arne Garborg. Frå jærbu til europear vart dr. philos. på i 1934. Thesen sitt viktigaste verk er det ufullførte Diktaren og bygda som kom i tre band. I dette arbeidet sette Thesen skildringar av bygdeliv inn i ein sosialpsykologisk samanheng. Under namnet Harald Hamre gav Thesen ut tre diktsamlingar.

Thesen var medlem av Forfatterforeningen sitt litterære råd frå 1937 til 1963. I 1946 var han med å stifte Norsk Litteraturkritikerlag.

Han døydde på Elverum.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Tore Ørjasæter: Ei innføring i diktinga hans. Norli, 1935.
  • Arne Garborg. 3 bd., 1933–39.
  • Arne Garborg og det norske folket. Noregs boklag, 1940.
  • Mennesket og maktene. Olav Duuns dikting i vokster og fullending. 1942.
  • Olav Duun. Noregs boklag, 1946.
  • Mennesket i oss. Aschehoug, 1951.
  • Diktaren og bygda. 3 bd., Aschehoug, 1953–65.
  • Johan Falkberget og hans rike. Aschehoug, 1959.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]