Romakloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 57°30′19.7″N 18°27′14.6″E

Sukkerfabrikken ved Romakloster.

Romakloster er ein svensk tettstad i Gotlands kommun i Gotlands länGotland. I 2005 hadde tettstaden 905 innbyggjarar. Tettstadene Roma og Romakloster var fram til 1995 rekna som ein enkel tettstad, men har frå då blitt rekna som to separate tettstader.[1]

Staden er kjend frå slaget ved Roma kloster i 1288 under den gotlandske borgarkrigen mellom borgarane i Visby og bøndene på landsbygda i Gotland. Like utanfor Romakloster ligg det ein ruin etter eit kloster. Det blei oppført av munkar som høyrte til cisterciensarordenen i 1164. Munkane gav staden namn etter Roma i Italia. Klosteret og Roma kongsgard, som klostereigedomen opphavleg tilhøyrte, er ein populær turistattraksjon.

I Romakloster er det òg ein nedlagt sukkerfabrikk der ein stor del av innbyggjarar på staden tidlegare arbeidde. Det finst òg ein vidaregående skule og ein grunnskule.

Romakloster har òg eit stort idrettslag – Roma IF, som mellom anna driv med ishockey, fotball, svømming og innebandy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]