Romanen 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Big Brother is watching you» ('Store Bror ser deg') er blitt eit verdskjend omgrep for total overvaking.

1984 (originaltittel: Nineteen Eighty-Four) er ein dystopisk framtidsroman av George Orwell som kom ut i 1949. Boka skildrar eit statisk, klassedelt samfunn som er prega av tankestyring og overvaking. Boka var eit gjennombrot for Orwell. Ho er blitt kjend over heile verda, og stadig brukt som varsel for ei trugande samfunnsform.

Romanen blei skriven i skuggen av andre verdskrigen med inspirasjon frå mellom anna Nazityskland og Sovjetunionen. Det er lett å kjenna igjen indoktrinering, krigshissing, tortur, styrt språkendring, historieomskriving, Stalin sine deportasjonar og Hitlerjugend frå den verkelege historia.

Hovudpersonen i boka er Winston Smith, som ikkje klarer underordna seg den strenge tankestyringa. Ein annan viktig person er Store Bror, Big Brother på engelsk, som har gått inn i språket som eit omgrep for samfunnsovervaking.

Ein konstant krig pågår mellom dei tre landa, der skiftesvis to av landa til alle tider er allierte

I boka pågår det ein konstant krig mellom landa Oceania, Eurasia og Austasia, der skiftesvis to av landa er allierte.

Like viktig var omgrepet nyspråk eller nytale, eit språk som skulle avgrensa tankane til innbyggjarane ved å forenkla og fjerna alle ord som skildra noka form for fridom, og gjerne gje orda motsett innhald av det dei hadde før.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Romanen 1984