Romanen Jonas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas
Forfattar(ar)Jens Bjørneboe
Utgjeven1955

Jonas er ein roman skriven av Jens Bjørneboe som vart gjeven ut i 1955, på Aschehoug forlag. På den tida boka vart skriven, var Bjørneboe i starten av trettiåra og arbeidde på Steinerskolen i Oslo. Jonas er delt opp i to delar kalla «I Villniset» og «Under Hjulet». Boka har 12 kapittel, fem i første del og sju i andre del. Mot slutten kjem eit eige kapittel med overskrifta «Jungmannens Historie».

Handling[endre | endre wikiteksten]

Boka handlar om den vesle guten Jonas som veks opp på 50-talet, og vanskane han møter når han skal byrje på skulen. Jonas kan nemleg ikkje lese. I byrjinga av første klasse er det sjølvsagt normalt, men tida går og Jonas kan framleis ikkje lese eit ord i 2. klasse. Lærarinna meiner han berre treng litt press, noko som fører til at Jonas blir utsett for mobbing og plaging frå både lærar og medelevar. Etter nesten to år på denne måten, blir foreldra kalla inn til møte og fortalt at sonen deira held resten av klassen tilbake og øydelegg for dei. Dei blir pressa til å overføre Jonas til hjelpeskulen, kalla «Iddioten» av barna. Jonas har det vanskeleg på skulen, men nektar likevel å bli overført til skulen for psykisk utviklingshemma der leiinga meiner han høyrer heime. Han klamrar seg til senga, blir sjuk, og rømer snart heimanfrå.

Når han dukkar opp att er det gøymd i livbåten på eit skip utanfor Bergen. Mannskapet tar seg av han, og spesielt jungmannen, ein tidlegare lærar, blir knytt til han. Han overtalar Jonas til å reise tilbake til foreldra i Oslo. I mellomtida har onkelen til Jonas fått høyre om ein spesiell skule i byen frå nokon kundar. Der skal dei visstnok ha andre metodar, og sjølv om skulen manglar pengar og eigentleg ikkje har plass til fleire elevar, får Jonas byrje i 2.klasse der. Bjørneboe gir ikkje skulen noko namn, men den har svært store likskapar med Steinerskolen. Her er spelar undervisninga på kreativitet og fantasi, og Jonas kan delta på lik linje med alle andre. Han får i tillegg ekstratimar saman med andre elevar med lese- og skrivevanskar, der dei lærer alfabetet ved å høyre historier og teikne kvar bokstav. Og etter kvart betrar tilværet seg for Jonas.