Romanen Max Havelaar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Max Havelaar er ein roman med sjølvbiografiske trekk skriven av nederlendaren Eduard Douwes Dekker (1820–1887) i 1870 og utgjeven under pseudonymet Multatuli, som tyder eg har lidd mykjelatin. Dekker engasjerte seg kraftig i korleis nederlendarar behandla dei lokale innbyggarane i Indonesia, som den gongen var ein nederlandsk koloni.

Forfattaren sjølv laut flykte frå Nederland, og boka vart trekt frå den nederlandske bokmarknaden kort etter at ho vart utgjeven. Romanen vart ikkje offentleg tilgjengeleg igjen før om lag 60 år seinare, og i 1974 vart boka filmatisert. Boka om Max Havelaar vert i dag rekna som ein nederlandsk klassikar, og er obligatorisk lærestoff i nederlandsk skule.

Max Havelaar er i dag namnet på ei internasjonal merkeordning som garanterar for rettferdig handel. Merket gjeld i Noreg óg.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.