Romanifolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg tatarar.

Romanifolk er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige. Dei har òg ofte blitt kalla reisande eller tatrar.

Handlaga blekkspann frå Nordmøre. Metallarbeid har tradisjonelt vore ein viktig næringsveg for mange tavringar. (Foto: Olve Utne)

Grupper[endre | endre wikiteksten]

Norske romanifolk kan delast inn i to hovudgrupper ut frå geografi, språk og kultur — tavringar (tatrar, storvandriar) i aust og småvandriar (splintar, fantar) i vest.

  • Tavringane, òg kalla storvandriar, tatrar og stundom fantar, høyrer først og fremst heime på Austlandet, i Trøndelag og i vestlege delar av Sverige. Det tradisjonelle språket åt tavringane er romani rakripa.
  • Småvandriar, òg kalla splintar eller fantar, høyrer hovudsakleg heime på Sør- og Vestlandet. Språket deira blir kalla rotipa (rodi, rotvelsk) og inneheld mellom anna fleire skandinaviske ord enn romani rakripa. Leveviset åt småvandriane er tradisjonelt mykje knytt til sjøvegen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

http://www.romanifolket.com RCU - Romani Council Union